søndag 30. mars 2008

Lopper

I torsdagens lokalavis blei det etterlyst lopper..... Kva passar betre når det nærmar seg flytting og mindre leiligheit. Vel er det enno 6-8 veker før det blir flytting, men det som er unna er greit. Dessutan har eg aldri likt å kaste fullt brukbare ting, men skap og skuffer blir i periodar litt for fulle.

Først var det å sortere innholdet i reolen, kva skal i kva slags eske. Husets datter sorterer og mor pakker...

Denne reolen fikk eg brukt for 12 år sidan, gav den litt maling og har hatt stor glede av den. Kan den glede nokon andre i enno nokre år, synes eg det er flott.


Alle skuffer og skap blei opna, skal-skal ikkje. Det er mykje lettare å gi bort, enn det er å hive i søpla.


Så kom det nokre kjekke karar og henta. Flott når ein ikkje har eigen bil, men gode vener.



Gratis kaffe og kaker blei servert, og nokre lopper som man berre må kjøpr..



Eit lite lyn-lotteri vart det også tid til, og då sat pengane laust. Gevingstane var fine, og vi hadde nesten ikkje brukt noko pengar enno....


Ei ny te-kanne og 8 dessert-skåler til hytta blei det og. Og litt nips og pynt. Ein kan då støtte tiltaket på meir enn ein måte.
Eit flott tiltak av nokre driftige damer, og jammen hadde Revmatikarlaget fått eit nytt medlem før eg gikk heim.






6 kommentarer:

Bjørg sa...

Takk for besøk i bloggen! Alltid kjekt med nye gjestar - og ikkje minst når dei legger igjen spor etter seg, slik at eg kan besøke tilbake.

For ein koseleg blogg du har!

Og - så flott at du leverer til loppemarknad - gjenbruk er supert!
Håper du får ein god dag!

Anne-Berit sa...

Lopper er det bruk for,bra at du gir bort det du ikke trenger selv,så andre kan få nytte det.Pleier å gjøre det jeg også,har ikke mage til å kaste helt brukelige ting.Og så har frelsesarmeen pleid å få litt klær.Er jo artig å gå på loppemarked og se,har funnet mye fint der.ønsker deg en flott kveld og onsdag:o)

sol&bolig sa...

Hei! Takk for besøk i bloggen min. Det var hyggeleg. Så koselig blogg du har, eg kjem nok på besøk. Ha ein fin kveld!

Bea sa...

Det skal visst vere loppemarked i Brandsøya til helga, men eg reiser til Fjaler så det får eg ikkje med meg..

Tusen takk for tallerkenane!!! No skal eg stad å kjøpe tallerkenhylle :D

*klem*

Hilde C. sa...

Vi har jo så mange ting og tang alle sammen, og det er godt når det kan gjenbrukes. Håper det går bra med foten din, det hørtes ikke godt ut :-)

Solveig sa...

Må nok sortere litt i skap og skuffer eg også snart - sidan eg er så glad i å ta med lopper heim bør eg gi bort nokre også:)
Gjenbruk er bra!