tirsdag 20. september 2011

Sure haustdagar...

Skal også brukast... Etter å hatt mor på besøk i 8 dager er det stort sett berre blitt strikka. Koseligt innearbeid når vind og regn yler utandørs. Dette er sokkar som skal på Sanitetsbasaren i haust.



lørdag 3. september 2011

Lopper.... frå Horsens, Danmark.

7 mokkakopper, til 50kr. Då må eg berre kjøpe.


Nydelig porselenspotte. Sjølv om den hadde ein liten skade, skal den no bli blomsterpotte på hytta...



Denne flotte stampen måtte også bli med. Den er nok ikkje gammal, men vil bli nydelig med blomster oppi, på den nye terassen min. Det blir nok ikkje før til neste sommar..






torsdag 1. september 2011

Julegaver...

Det er blitt lite blogging, men meir strikking og ferieliv i det siste. Dette er gensar str. 4år.
Strikka i Smart, Sandnes. Armane ferdige, eit godt stykke opp på bolen.



Strømpebukse, Smart her også. Denne skulle og være i str. 4, men blei av ein eller anna merkelig grunn str. 6 år.

Så har eg hatt ei flott buss-ferie veke i Danmark. Med utgangspunkt frå Horsens by, har eg opplevd kultur, dyrepark, bruktbutikkens opphørsalg..... og litt anna handel.

Dette kjem eg tilbake til om litt, i dag skal eg avgarde til Gardemoen. Jobben har jubileumsfest. Om ikkje det tek heilt av, er eg tilbake i morgon...


Ha ei flott helg!