fredag 27. mars 2009

Vår

Tidleg mandag tok eg turen til hytta. Her er "bitte-litt" av hagen til naboen. Eit praktfult syn, då må ein berre få vårfornemmelse.

Like tidlig torsdags morgon, på veg heim att. Å sitte på kaikanten og vente på postbåten, eit stille øyeblikk. Det er berre skjøen og fuglane som gir lyd frå seg....

Eit sokkepar blei ferdigstrikka. No har eg ikkje halvferdige prosjekt som ligg å ventar der...

Den vesle lusekofta, str. 18mnd. er også ferdig. Det blei tråd nok til hue og. Den er på veg til ein kjekk liten kar som eg ikkje kjenner. Har har vistnok ikkje strikkande bestemødre eller tanter..
Og då har eg ikkje halvferdige prosjekt liggande på jobben heller...
Helgas store prosjekt blir montering av brann-gensaren....
Ha ei fin helg alle saman.



søndag 22. mars 2009

Mammutsalg og andre restar...

Restane etter Branngensaren blei til 2stk. panneband. Bokstavane er hekla på, ikkje heilt proft dette...

Restar etter Mammutsalget. Noko av dette blir flyreise-lesestoff i påska.


Restar av heklegarn, blir flyreise-arbeid i påska. Eg skal fly langt.


Barnekofte som har vært jobb-arbeid lenge. Armane har vert ferdige i fleire månadar. No minkar det her og....


Ein av gutta på jobben ville ha ei hue. Skulle være litt kort, med dobbel brett så den kunne brettast ned om nødvendig. Med dobbelt sokkegarn og 2 kveldar var jobben gjort. Og den nye eigaren kjempeglad...




fredag 20. mars 2009

Weekend-besøk...

Får eg ikkje gå ut.. Kva slags heim er dette..

Tru om nokon kjente kjøyrer forbi...

Kansje den bilen liknar litt, eller.. matmor, kvar er du...


Ja-Ja, dei har det greit nok her, og mat hadde eg med..



Då sler eg meg til ro, og ser om det hender noko spennande her...
Då eg kom heim frå jobb i ettermiddag, var det denne karen som møtte meg i døra, og vi skal tilbringe helga i lag. Oppdragelse har han ikkje, no er det nok berre taklampa som ikkje er undersøkt. Derimot et han det meste, berre eg har smakt på det først. Steikt blodpølse til middag, og rømmegraut til kveldsmat.
På handarbeidsfronten har det skjedd mykje denne perioden, men tida rakk aldri til når det gjaldt å blogge. I løpet av helga kjem det ein oppdatering.





mandag 2. mars 2009

Hurra for mor

som fyller 81 år i dag. Ikkje like kjapp til beins som ho eingong var, men broderinåler,strikkepinnar og heklekroken har ho framleis kontrollen over. Til stor glede for oss andre i familien. Broderte løparar og dukar er nesten standard jule/bursdagsgaver. Med 11 barnebarn, dei fleste med samboere, og 9 oldebarn er sokkeproduksjonen stor. Her har alle fått eit par til jul i alle år, og kjem vi innom og muligens er litt kald på beina, er det fram med sekken og leite opp noko passande.

Mor lærte å strikke av sin far i 5-6 årsalderen. Min datter lærte det av farmor, og har ein pappa som hjelpte til om nødvendig. Sjølv kan eg hukse at eg satt på loftet med fars gamle tante og lærte kunsten. Ho var streng, men veldig tolmodig. Dette var før eg byrja på skulen.

Til 80-årsdagen fikk mor av alle sine etterkommarer tur til Bergen med Hurtigruta, og nokre dagar på hotell. Strikketøyet er med......