søndag 26. juni 2011

Nye huer...

Kvikk Lunsj hua strikka i Trysilgarn. Var ikkje heilt fornøgd med grønnfargen, men det var det eg fekk tak i ein lørdags ettermiddag. Dette skulle bli reise-strikketøy til i morgon, men moro var det, og kjapt gikk det.. Kansje eg strikkar ei til no medan eg er på jobb. Blir alltid av med desse...




Herrehue strikka i Fritidsgarn. Skal tovast 2 ganger, og børstast. Så får ein sjå om det er passe, eller...


Ha ei flott veke alle saman...

torsdag 16. juni 2011

Vin-høner

Nokon ferdige og nokon til tørk. Nokon til kvardags og nokon til fest. Fort gjekk det, og morsomme blei dei, heilt til nebbet skulle syast på. Opptimist som eg er, tenkte eg at der skulle eg bruke symaskina. Men høna blei litt nebbete, så det endte med blod og stygge ord. No dei er ferdige og får "innhald", håpar eg at dei blir litt stramare i skrotten.....






Trådrestane blir til tøfler... Det er det alltid bruk for. Her frå kaikanten i dag, medan eg venta på båtskyss heim frå hytta...






Ha ei flott helg !





fredag 10. juni 2011

Garnslanking...

Det er stadig opprydding i div. posar med garn. No er det snart slutt på alt baby-garnet. Ei veninne skal bli bestemor i sommar, og ei lita jakke er ferdig. Str. 6-12 mnd. og mønsteret er sikkert 20 år gammalt. Denne modellen har eg strikka fleire gonger.


Det er også blitt div. huer. Desse ender nok i Nepal utpå hausten...


Ha ei flott Pinse-helg...









tirsdag 7. juni 2011

Borneborn

Farmor er heime att etter nokre flotte dager på Austlandet.

Mads William 1 år. Han hadde nok ikkje dei store følelsane for farmor til å begynne med, men det kom seg etter kvart. Kjedelig med så lange avstanda, når ein er så liten.


Storebror var i sitt ess. Strikke hadde han også lært sidan sist. Med god hjelp av mamma hadde ein pulsvante sett dagens lys. Men det blei med den eine..... så var spørsmålet om farmor kunne strikke den andre.



Det blei to nye, av eit nøste ull restegarn av ukjent opphav. Guten sovna med dei om kvelden.


Viste dere damer, at pulsvanter er gode å klatre med. Ein blir ikkje så oppskrapa på hendene.


Prøv!





onsdag 1. juni 2011

Haltenbanken...



14 dager på jobb er over for denne gang... eg er på veg heim. Nei, det blir feil. Eg er på veg til Fredrikstad. Den vesle prinsen fyller 1 år på fredag.
Og det skal feirast, om farmor er aldri så sleten og trøtt...


Ha ei flott veke, alle dokker andre !