mandag 31. mai 2010

Ut mot havet....

Søndag var det "øyane over" med Turlaget. Ein årlig tradisjon, som ofte samlar mykje folk.
Denne søndagen var det 95 små og store som tok turen. Start var kl. 0700 og heime att på fastlandet kl. 1900. Ein kjempeflott dag, med sol og mykje natur.

Turen går frå Florø med båt til øyane Hovden, Skorpa, Store Batalden og Kinn. Kvar øy har eit fjell som kan bestigast, eller om ein heller vil, ta ein fjæretur rundt øya...


Mellom øyane blir ein trykt losa av gode båtar og stødigt mannskap.


Lang, lang rekke....


Lenger vest kan ein ikkje komme. Det ein ser her er faktisk Nordsjøen...


Kinn er mest kjend for det merkelige "skaret" i fjellet, som var eit seilingsmerkje i gamal seglskutetid. Men det er litt plundrete og gå over, mykje ur og glatte partier.
Høgskaret, derimot er flott. Vel oppe kan ein ta ein pust, og kaste blikket sørover. Der ligg Alden, like flott som alltid...


Blir stille her litt, skal heim til ho mor.


fredag 28. mai 2010

Helsing frå Sverge...

Husker dere den svenske dama eg lærte å pjone på hurtigruta. I dag kom denne nydelige duken i posten...

Denne løparen har ho vevd sjølv, og eg er kjempeglad. Tenk å få ei slik helsing som takk for eit lite trådnøste og ein lånt heklekrok.

Prøver å få sysle med litt sjølv også. Denne ligg klar i "kosekroken" i stua. Men eg sit ikkje der så mykje, desverre...


Dette er to ferdige armar til sommargensaren min. Starta på den i sist sommar, men då armane var litt knappe, har arbeidet overvintra i eit skap. Opprekk, og ny start... No er det komt i korga, og er stadig med ut på terassen...



Her manglar eg ein vott. Ligg på hjørne av salongbordet og ventar på at eg skal sjå fjernsyn. Kven ser så mykje fjernsyn på denne tida av året ? Ikkje eg...
Ha ei flott helg, alle saman..




SVANØY

Også kalt Sunnfjords Perle, ligg like sør for Florø. Dit gikk turlaget sist veke. Denne vesle skogkledde øya som kom på norgeskartet ved hjelp av Hans Nilsen Hauge. Mannen som gjekk etter landevegen og strikka, for å nytte tida....

På toppen av øya, 235m, er det flott utsikt. Her kan eg sjå heim til Askrova..

Bygdafolk har gjort eit flott arbeid med å sette i stand turstiar. Ein del av Nordsjøløypa ligg her..

I dag er levevegen mest hjortefarmen, og fiskeoppdrett.


I tidligare tider var her gruvedrift (malm) og skipsbygging. Haugianarane var flittige og nøysamde folk..



tirsdag 25. mai 2010

London

Langhelg i London med husets datter. Ei nydelig Pinse-helg med full sommar, 25-27 grader.
Fredag blei brukt til shopping, stort sett klær til barnebarn og meg sjølv. Av og til har man lov å være litt egoistisk, eller.... Ein fin ettermiddag i Hyde Park hadde vi og.
Heile lørdag vart det også park-liv. Når datter var opptatt med studier, dreiv mor rundt og kosa seg. Og søndagen blei ikkje stort ansleis, den heller...

Norsk/Britisk Monument. Med takk frå Norge for hjelpa dei fikk under krigen.

Denne stubben, kansje eit monument for tidene som forsvant...

Svanemor, med sine søte små...


Godt med litt nedkjøling, sommaren kom fort i sør-england.



Blomstring var det over alt...



Men snille Gullungen, dette er ikkje lov. Ekorn og duer skal ikkje matast, sjølv om dei er søte...






5 stk oppvaskklutar blei til underveis. Dette er slike små prosjekt som er utmerka til reise/ferie formål. Og Tuva bomullgarn er også utmerka til dette formålet.





torsdag 20. mai 2010

Med turlaget til Askrova

Tirsdag var det tur til Askrova på pogrammet. Ein nydelig ettermiddag, med ivrige turgåare på veg til fjells. Nå er ikkje fjella så høge på denne øya vest i havet, men for ein utsikt.
Her trakka eg mine barndomssko, og på denne garden voks eg opp. Er det rart at sjø og hav ligg mitt hjerte nært. At plassen er solgt, og det meste til nedfals, er trist. Men godt å komme tilbake, er det....
At eg kom heim at med skoa i handa spelar ingen rolle... eg hadde greidd å vere med på tur utan å forsinke nokon.
I dag dreg eg til London i 4-5 dagar.
Ha ei flott Pinse !

tirsdag 18. mai 2010

17.Mai-fest..... og resten av by-festen...


17.Mai vart det eit strålande veir når det lei litt på dag. Her er små og store festkledde i Borgertoget kl. 16:00.

Festkledde, og mange i kostymer frå tidligare år, var å sjå i gatene den 16.Mai. Her frå den store bursdagsfeiringa. Da sprang vi litt mellom lettare regnbyger...


Då Åge Aleksandersen kom på sena, vart det striregn. Men like stort publikum, og humøret på topp både frå sena og publikum.... dette var moro.



Florø,s nyaste borger: Sildaguten. Denne vart avduka 16.Mai, og er ei gåve frå "Utflyttarane" til Flørø by. Ei populær gave som spesielt fall i smak blandt dei eldre. Det er nok enno mange som
huskar sildehankane som dei selde på dørene til folk.


lørdag 15. mai 2010

Bursdagsfest


Florø by har 150 års jubileum den 16.mai. Byen som blei grunnlagt i dei rike sildeåra, har vokst seg framover, men er enno for småby å regne. Og så er den landets vestligaste by....

Feiringa skal nok vare heile året, men det er sett skikkelig fokus på mai mnd. Torsdag vart det båttur med gamle Atløy (bygd i 1936) til Flokenes og Sauesund. Begge plassane vart det taler av ordførarane, og korsong. Det var desse stadane som låg i "kamp" med Florø for å få bystatus.
Hornorkester hadde vi medbrakt...
Og då er det slik med mai-born, vi feirer med så godt vi kan.




Og er det krefter at, så skal vi skikkelig feire den 17. også.
TIL LYKKE MED 17.MAI TIL ALLE BLOGGVENER.



torsdag 13. mai 2010

Våronn på hytta

Gammalt byggematriale har lagt under hytta og venta... No er alt rydda ut, og saga opp til ved.

To nye bringebærbusker, bursdagsgave frå husets datter. Så får vi håpe at dei vil trives her ved veggen i ly for vestakuling o.l.


Ny plank komt på plass. Dette er starten på den nye terassen mot sør..



Denne rosebuska hadde møtt vinteren på ein hard og tøff måte. Ved nærmare gransking, så var det liv. No står det att å sjå om den kjem til seg sjølv att.




fredag 7. mai 2010

Fleire sokkar

Frå Strikkebesta er det komt ein pakke med sokkar. Desse blir liggande til neste forsendelse, og den haugen er allerede byrja vekse... Hjertelig takk !
Med desse få ord ynskjer eg alle bloggare ei flott helg. Sjølv dreg eg på hytta, "den lille blå" trives etterkvart utmerka i joggesko.

onsdag 5. mai 2010

Albania-sokkar

Albaniasokkane er på veg til "oppsamlings-stasjonen" før videreforsendelse til Albabia. Augnemålet var nok ikkje heilt riktig då eg kjøpte posteska til forsendelsen. Halvparten er komt på plass, og eska er meir enn full....
Ny tur til posthuset, det er godt veien er kort. Den største eska blei full, den og... men no har sokkane starta reisa.
Vel heim at frå posten, så låg det jammen eit par sokkar under stolen, og var lei seg for ikkje å ha fått vere med.
Dei skal få bli med neste gong, for det blir heilt sikkert fleire par til hausten. I sommar har eg lyst å gjere andre ting, kansje brodere......

lørdag 1. mai 2010

UFO,ar....

Kva er meir passande når ein er kattepassar, og hinkar på krykkjer, enn å få unna nokre UFO,ar.. Leon synes trådnøster er topp, då helst om natta...

Skjerf, strikka i ein alpakkablanding, kjøpt i Canada. Nydelig kvalitet. Slike blir det fleire av....
Mønsteret er henta frå Drops.

Nok ei strikkeveske. Dette er Sandnes Tovegarn, med striper i Chili.


Barnegensar, 4-5 år strikka i babyull. Mønsteret har eg henta frå eit ukeblad, og har nok blanda fargekombinasjonen litt. Av og til må ein ta det ein har, og få rydda unna litt.



Sokkar i div. restegarn. Dette blir vårens siste til Albania...




Juleduken, til ein basar, som husets datter kom heim med. Den var ferdig sydd, men ingen ville sette på band. Det kan sikkert mamma fikse, og no har eg altså fiksa det... tok litt tid.