tirsdag 23. juni 2009

Sidan sist

Har eg hekla fleire ruter..
Gått tur i skog og mark...

Feira dagen i dag litt på forskudd.....

Vert på sildabord i Florø.....



og strikka litt fram og tilbake..




I dag har eg berre vert husmor.





tirsdag 16. juni 2009

Ullvest.

Dette skulle bli ein lun vest til hutrige vinterdager. Om ikkje varmen snart kjem, så har eg bruk for den straks. Vesten er strikka i "strukstur-strikk", og det blir litt fram og tilbake. Er ikkje egna arbeid foran TV eller med gjestar i stua. Garnet er frå Kina...

Bestemorsrutene går stadig framover. Har nokre trådnøster liggande på hytta, og nokre i heimen. Så slepp eg å dra det fram og tilbake. Blir mykje hytteliv framover...

mandag 15. juni 2009

På sykkel Værlandet-Bulandet

Søndagstur med turlaget. Dette er norges vestlegaste fiskerisamfunn, med ca.250 fastbuande.


Ei fantastisk naturoppleving, enten ein spaserer eller syklar frå øy til øy, over alle bruene.

Oppover går det tregt, spenninga er: kva ser ein frå toppen...

Nye bruer og nye toppar...

og litt flatare terreng.


Underveis, spaserande på to og fire bein.



Etter kvart vart vinden sterkare, sterk nordavindskuling og fotografering frå sykkel gjev ikkje det beste resultat.

Her må det meir til for å sikre trafikken, enn eit enkelt rekkverk frå vegvesenet.


Framme i Bulandet. Ei strekning på 12-13 km. Så var det alle sidevegane, det er der ein kan finne dei små perlene. Kafear, galleri, museum, utsiktspunkt, skulpturar m.m.
...........................................
............................................
Langt ute mot vest der havet storfelt bryt-
der mange holmar, øyar opp seg skyt.
Og om du tel dei, vil du få til svar
- at talet er som året dagar har.....









torsdag 11. juni 2009

Ullsokkar og pulsvarmare...

Desse herresokkane er blitt strikka medan eg var i nordsjøen no i vår. Er kansje for tjukke til å ha i støvlar, men gode til "innebruk". Dei er strikka i Falk, med trådforsterkar i hæl og tå. Må nok ha eit par til i damestørrelse. Dei skal brukast til gave ut på vinteren.

Kollegaen min, Vigdis som fikk "TVsport-hue" var over seg av begeitring. Kunne eg tenkje meg å strikke eit par pulsvarmare også.... Og før eg rakk svare, så ville kollega Mona også ha. No skal det seiast at det er to flotte jenter.
Pulsvarmarane er ferdig og hua på strikkepinnane. Tråden er Artic, strikka på p.nr. 4. for å få dei litt faste. Her har eg ikkje oppskrift, har prøvd meg litt fram. Har laga hull til tommeltott, hekla rundt denne med fastmasker, så den skulle halde på fasongen.

tirsdag 9. juni 2009

Pausebilder

medan fotografen avslutter div. strikkeprosjekt. Har minst 3 forskjellige arbeid på gang, pluss ein pose med bestemorsruter på hytta... men det kjem, det kjem.
Klestørk på hytta. I helga var det strålande sol, men kald nordavind.

Syrinen, som hjorten "klipte" ned i fjord haust. No blomstrar den flott.

Rababraen som kom til øya i ein ryggsekk, og blei gløymd der i 2 døgn. No satsar den også på livet...


Desse vart kjøpt ganske halvdaue og forpjuska. Men 14 dagar under ei stor einebusk har gitt dei passe sol, regn og ly for nordavinden. No har dei og fått nytt livsmot.



Men desse har gitt opp. Her har det nok vert i varmaste laget.


Desse to er kjøpt i Storgata på Gjøvik. Har samla på salt og peparbøsser i mange år.



Denne er også frå same plass. Virka så einsom der den sto, er no blitt vestlending.






torsdag 4. juni 2009

Ei Bestemor om dagen...

Har i lengre tid sett på alle som lager ei "bestemor" om dagen, og har tenkt: skal, skal ikkje..
I dag var beslutninga tatt, og då skjer ting fort, veldig fort her i heimen......

Medan eg står der og sorterer trådnøster på Europris, ser eg brått at eg er utan sokkar og i tøfler..... No er vegen kort, veldig kort. Men alikevel.... Er heilt sikker på at eg hadde pussa tennene, og ellers var heil og rein i klærene..

Og Europris som feira 5-årsdag og delte ut kaffi og kaker til kundane sine. Det var berre å smile pent, takke for bevertninga og rusle heim. Vel innomhus fikk eg nesten latterkrampe, der eg koste meg med kake, kaffi og nye trådnøster.

Ei bestemor om dagen, kan lett bli Ei bestemor i magen..
God helg til alle, i morgon ventar hytta på meg.

Oppskrift på nåleputer...

Wenches Sysler spør etter oppskrift på nåleputene mine. Då den einaste eg fann var på engelsk, har eg "sysla og pusla" mi eiga. Kansje nokon andre har den på norsk...

Legg opp 6 luftmasker til ein ring.
Hekle 12 staver i ringen.
Hekle så 2 f.m. i 1.stav, 1 f.m. i neste stav ut omg.
Hekle så 2 f.m. i 1.stav og 2 f.m. i dei 2 neste stavane ut omg.
Fortsett slik til det er 9 f.m. mellom kvar doble fastmaske.
Hekle 2 like runde lapper som hekles saman med fastmasker til slutt.
Lat det vere att eit lite hull, der ein fyller i vatt, hekle så att dei resterande fastmaskene.
( Puta må vere litt full og fast...)
Så hekles ein omgang med fastmasker rundt heile puta, lag ei lita løkke til slutt om ein ynskjer det.
Pynt med ein tråd i kontrastfarge, som på foto, og dra godt til. Sett gjerne ein knapp eller sløyfe i sentrum av puta..

onsdag 3. juni 2009

Nye nåleputer

Den siste veka har eg vært ute på flyreiser 4 ganger. Greit nok, men flyplassar og venting er og blir kjedeligt. Og sidan skuffa med gryteklutar snart ikkje kan lukkast, er eg gått over til nåleputer. Kjekke små gaver, det også... Og ein fin måte å bruke opp restegarn på.

Hjelp til "knappe-leringsarbeidet" fikk eg også... Her kan ein få brukt opp knappar, som kansje ikkje kan brukast andre plassar.

tirsdag 2. juni 2009

Krystall og heklebrikke

Hyttenaboen min har pussa opp gamlestova, og rydda i svigermors skuffer og skap. Der kom ho over eit nydeligt sukker og fløytesett i krystall. Noko fat var der ikkje, kansje knust eller hadde aldri vert...
Det måtte eg då kunne ordne. Fatet, også krystall fant eg på bruktbutikken i Sogndal. Så var det fram med heklekrok og tråd. Kjapt og greit, og ganske søtt. Dette fløyte-og sukkersettet er imidlertid mitt, innkjøpt for over 30 år sidan.
Så blir det ein liten sommergave til snille naboer, som alltid gir ei hjelpandes hand.