torsdag 21. april 2011

Hekleduk



Denne duken er nokre år gamal.. Tøystykka og tråd blei innkjøpt, syntes den var så fin. Etter 2 - 3 ruter dabba intressa av, og alt blei arkivert innerst i skapet. Men så fikk eg brudd i ein fot, og hoppa rundt på krykkjer nokre veker. Då kom duken fram att, og eg bestente meg for at den skulle vere ferdig før foten var frisk. Det greidde eg, og det var mange andre UFO,ar som såg dagens lys att i den tida.

søndag 17. april 2011

Julebroderi

Denne duken har tatt mykje tid i vår, men no nærmer det seg mål. Dette kan eg ikkje ha foran TV, helst berre i skikkelig dagslys. Det er første gongen eg har brodert plattsøm åleine på noko så stort arbeid. Men no har mor gitt beskjed: vi blir eldre begge to, no må du lære deg dette! Og faktisk så går det bra, det er jo berre trening som skal til.

torsdag 14. april 2011

Gjestetøfler / Nattsokker


Smått og kjapt å strikke. Kjekke å ha med i veska når ein skal bort, eller til utlån når ein får besøk. Desse er også fine som nattsokker på kalde vintergolv, spesielt om ein driv og spring på do e.l.

lørdag 9. april 2011

Reste teppe...

Fortsatt hekler eg på resteteppe til Nepal. Dette blir ei herlig blanding av reste-farger frå fjern og nær. No har eg spredd rykte i Husflidslaget, og det hjelper. Mange er takknemlige for at trådrestar som berre ligg der kjem til nytte..

God helg

tirsdag 5. april 2011

Vesle Vilde..

Skal døypast i Påska. Det var grunn nok til å få dåpshua ferdig i ein fart. Samme modell som guttehua som eg sydde i fjord sommer, men litt meir blonder. Stoffet er kinesisk silkedamask.
Ei lita gåve måtte også til. Med 3 eldre søstre er det nok ein del rosa i heimen allerede. Syntes dette flammegarnet var litt friskt, men det var kansje friskast i butikken. Blei meir og meir rotete etterkvart som eg strikka.

Har no sendt det av stad, kansje er ikkje mammaen like kritisk. Då er det vel ei dokke i heimen, og eg kan strikke ny til vesle-jenta...