Då eg var på handel i dag, skulle berre på apoteket ein tur, endte eg opp med 4 forskjellige strikkeprosjekt. Kjekt å ha, må berre ha...eller som Ole B: ja-takk, begge deler. Og eg som prøver å rydde unna..... fordi eg forhåpentligvis skal flytte til sommaren.
Ein tanke som kom der eg rusla rundt med trånøstene mine var: til nå i dette nye året har eg ikkje kjøpt eit einaste kles-plagg og heller ikkje sko. Og det skal heller ikkje gjerast før alle skuffer og skap er rydda, og eg har fått ny heim. Enn så lenge har eg rikelig til både meg og Fretex. Her kan eg vere bestemt, og så går det litt sport i å la være....
Om nokon ventar på nytt om den store duken, så er den eine langsida ferdig utklipt og med stolpar. No blir det ein liten pause. Skal reise på jobb i morgon, og duken blir att heime.