søndag 30. mars 2008

Lopper

I torsdagens lokalavis blei det etterlyst lopper..... Kva passar betre når det nærmar seg flytting og mindre leiligheit. Vel er det enno 6-8 veker før det blir flytting, men det som er unna er greit. Dessutan har eg aldri likt å kaste fullt brukbare ting, men skap og skuffer blir i periodar litt for fulle.

Først var det å sortere innholdet i reolen, kva skal i kva slags eske. Husets datter sorterer og mor pakker...

Denne reolen fikk eg brukt for 12 år sidan, gav den litt maling og har hatt stor glede av den. Kan den glede nokon andre i enno nokre år, synes eg det er flott.


Alle skuffer og skap blei opna, skal-skal ikkje. Det er mykje lettare å gi bort, enn det er å hive i søpla.


Så kom det nokre kjekke karar og henta. Flott når ein ikkje har eigen bil, men gode vener.



Gratis kaffe og kaker blei servert, og nokre lopper som man berre må kjøpr..



Eit lite lyn-lotteri vart det også tid til, og då sat pengane laust. Gevingstane var fine, og vi hadde nesten ikkje brukt noko pengar enno....


Ei ny te-kanne og 8 dessert-skåler til hytta blei det og. Og litt nips og pynt. Ein kan då støtte tiltaket på meir enn ein måte.
Eit flott tiltak av nokre driftige damer, og jammen hadde Revmatikarlaget fått eit nytt medlem før eg gikk heim.






lørdag 29. mars 2008

Labbe-tuss

Når eg må sitte i ro og slappe av, må eg alikevell ha noko i hendene. Kan ikkje lese, blogge og løyse kryssord heile tida. Så då vart det eit lite gensar-prosjekt av restegarn. Hadde tenkt i st.4 år, men noko har skjedd undervegs, så det blir nok litt større.
Mørk grønn denne gangen også, med kvite og raude striper. Mønsteret blir til etterkvart, ein tar kva ein har som passar i hop prinsippet...




Eg plagast i periodar med litt leddgikt, og i påska var den merkbar og irriterande nok til at tabelettane måtte fram frå skapet. Stort sett går det bra då, men denne labbetussen ville ha meir pleie og endte på legevakta. Så no blir det kortison, krykkjer og latmans-liv i helga. Har enno ei formeining om at tirsdag er det jobb. Får krysse fingrar og tær der det er tilrådelig.


Ha ei fin helg alle som er innom...

fredag 14. mars 2008

18.mars..Grom-gutane....

Hans Marcus fyller 7 år.





Frode fyller 25 same dag.


Mor/farmor sender dei beste ynskje for dagen. Pakker kjem i posten.

GOD PÅSKE

Jula varer heilt til påske, seiast det. Denne løparen blei ikkje ferdig til jul, men no kan den ligge i skuffa og vente på den mørke årstida.







Skal også brodere ein liten duk i same mønsteret. Får kansje ta den fram i åleine-stunder, eller kansje på hytta, så ingen ser kva eg held på med på denne årstida...skal nok finne på noko lurt....


Ønsker alle som er innom ei fin påskehelg, enten dykk er på fjellet, ved sjøen, eller heime.

onsdag 12. mars 2008

100 ting om meg sjølv...

Bea har ein ny utfordring. 100 sannheiter om meg sjølv. Tja, prøve skal eg, men kjem eg i mål..



1. elskar jobben, men mest pga. fritida den gjev meg.
2. elskar ungane mine og...
3. rotekoppen, som berre var rolig når han sov
4. gullungen, veit ikkje kvifor, ho fann på det sjølv
5. sukkerklompen, han likte ikkje ordet attpåklatt
6. er farmor til en artig 7-åring
7. jobbar i olja
8. reinhold er ein utfordring og spennande sak...
9. gamle problemgulv er kjekkast
10. då eg var liten ville eg bli snekkar, som far
11. etterkvart endra det seg til bibliotekar..
12. livet mitt har alltid innholdt en mengde bøker.
13. mi første bok var Rødhette, julegave truleg då eg var 4-5 år.
14. andre ting er handarbeid, må alltid ha noko på gang.
15. kunne brodere og strikke når eg var i 6-årsalderen,
16. kjøpte symaskin då eg var 20, og den er velbrukt.
17. kan ikkje veve, må lære ein gong.
18. heller ikkje nuppereller, må lære det og...
19. synge, det kan eg ikkje, og har sakna det stort.
20. har aldri sunge natta-sang til ungane
21. men lest mange kilometer med bøker.
22. har berre 7 årig folkeskule,
23. framhaldsskule
24. handelsskule
25. men år med visdom, kurs og oppdateringar har gitt meg 2 fagbrev.
26. skulle ha lært meir engelsk, det er eit sakn.
27. men bruker det eg kan, sjølv om ungane flirer litt av og til...
28. drog til østerriket og gikk på slalomkurs etter fylte 50.
29. var første gang eg hadde slalomstøvlar på føtene.
30. kjøpte eige utstyr då eg kom heim att, ungane flirte ikkje då.....
31. likar å reise rundt i verden, sjå nye plassar..
32. mest spesielle må være 2-vekers tur rundt Island i bobil
33. og tur til Cape Town og gudstjeneste i ei kirke i slummen. Grein så det hagla.....
34. har sykla Bornholm rundt
35. og Shetland på langs.
36. har besteget Gallahøgpiggen, men er fornøgd med den eine turen.
37. var i Amerika og besøkte gamle slektningar
38. har alltid vært intresert i "gamle dagar", slekt og historier frå familien.
39. går nå på slektgransknings-kurs
40. er litt utolmodig fordi alt dette tar tid....
41. har aldri hatt tolmodighet, har måtte lære i voksen alder..
42. har ikkje noko forhold til vann, men kan svømme
43. elskar sjølivet, berre hovudet er over vannflata.
44. er overbevist om at eg har drukna i eit tidligare liv..
45. har ikkje gjennomført helikoptervelt for oljefolk...
46. har ikkje bil
47. har farmorsykkel, raud med barnesete og handlekorg.
48. "reser-sykkel", grønn bysykkel med mange gir og ikkje plass til gromguten.
49. brukar sykkelhjelm alltid når gromguten er med.
50. har nett seldt huset mitt
51. og kjøpt mindre leiligheit.
52. trives aller best på hytta, med sjø og storhavet rundt omkring.
53. kan lytte til stillheita
54. og spele svensk dansemusikk når eg har storreingjering.
55. ryddar alltid ein eller annan plass
56. og får då stablar med ting og tang på andre ryddige plassar
57. taklar ikkje skapdører og skuffer som ikkje er lukka.
58. då er det uryddigt...
59. når eg vert vaksen skal eg slutte å rydde
60. slutte å vaske
61. då skal eg berre vere snill bestemor som reiser frå heim til heim og kosar med dei små
62. blir ungane lei meg, tek eg dei små med på hytta
63. ønsker meg fleire borneborn.....
64. medan eg ventar strikker eg til andre sine born
65. inn i mellom samlar eg på ting
66. frimerker, har halde på i periodar sidan eg var ung
67. eggeglass, starta med eit plast-høne-glass maken til mormors frå barndommen
68. teskjeier, brukar kjøpe ei for kvar reise/sted eg besøker
69. knappar, praktisk og kjekt å ha....
70. mønster, strikking, hekling etc. kan få bruk for ein gong
71. alt som kan komme til nytte innen hobbyar/handarbeid
72. har ikkje drikke-kultur seier ei veninne
73. drikk ikkje øl
74. likar kvitvin betre enn raud
75. er ufattelig glad i sjokolade
76. et ikkje fersk fisk
77. då spyr eg
78. heller ikkje havregraut
77. alt anna i mat og drikke er godt, meir eller mindre
78. tar gjerne tran
79. er ikkje flink å hukse det kvar dag.
80. har ei mor som nett har fylt 80...
81. har to systre
82. har også hatt ein far og ein bror
83. har ei mengd nevøar og nieser
84. og mange små "gamle-tanteungar"
85. kan bruke ein heil dag på å gjere ingenting
86. eller i heil helg i sofaen med strikketøy og sports -sending på tv.
87. likar ikkje å lese krim bøker
88. men krim-film på tv er ok.
89. best er gamle westerenfilm og dokumentarer..
90. ser aldri reality-tv
91. heller ikkje hotel cesar
92. tar helgevask på mandag om det passar slik
93. og kan starte ny helg allerede på onsdag, på hytta...
94. er veldig glad i dyr
95. har hatt katt
96. hund
97. hamster kanin
98. undulat
99. og bodd på hybel med eit pinnsvin i 2 veker
100. har stelt fjøs, kan melke for hand, vært jordmor til katt, sau og kyr...,

så var eg i mål, i det neste livet skal alt bli ansleis, satsar berre på 50 punkt der.

lørdag 8. mars 2008

Grønt og varmt.....

Så er jakka ferdig, og farmors dokke får vere fotomodell på badet. Denne er strikka i i str. 9-12 mnd. babyull, og burde vere perfekt for barnet som er venta til sommaren. Dei brukar vere robuste og kraftige i den delen av slekta.
Knappane, som eg ikkje fikk noko godt nærbilde av, er svært gamle og av glass. Har samla på knappar i mange år, og desse passa heilt perfekt.

For å "piffe" den opp litt, og bryte litt i den mørke grønnfargen, blei det sokkar, vottar i ein lysare grønn. Denne fargen likar eg veldig godt, men den er vistnokk gått ut av produksjon. Den som no er komt var nærmast neon-grønn, og fall ikkje i smak. Hua er resten av garnet og måtte få striper. Mønsteret har eg fått av Bea. Likar ikkje å kalle det djevelhue, vi snakkar då om små, uskyldige barn. Når mine born var små, heitte desse huene hjelm.

Mønsteret har eg henta her. Er det nokon som kjenner at denne ? Frå tidligt på 70 talet, og brukt uendeleg mykje til mine eigne born, venners born o.l. Har 3 slike hefter, passar godt til Gjesdals baby-ull.

Ønsker alle ein fin søndag. Her er det snø, regn og slaps. Ingenting som minner om vår.


tirsdag 4. mars 2008

Litt lei meg, eg.....

for i dag skulle eg ha reist heim. Men veir, vind og snøfiller er det berre vår herre som rår over, seiast det. Av og til lurer eg på om det er andre som har eit ord med her, slik som verden og klimaet er blitt etterkvart.

Saken er den at heile Vestlandet er innhylla i snøfiller og isnings-problemer på helikopterne. Heimreisedagen for "olje-folk" er som 17.mai og julekvelden på ein gong. Ikkje det at eg lir noko nød. Nei-da, forholda er heilt topp, og overtids-betalinga er kjærkommen.

Men det er i dag det skulle ha vert heimreise, og eg vil, men får det ikkje til. Vaksne folk skulle ikkje beklage seg slik, er ikkje grunn for det..... det er berre det at.....................

I morgon, i morgon, men ikkje i dag............................