lørdag 21. april 2012

Ein enkel vott

På størrelse med ei mellomstor fyrstikkeske. Ikkje rare greiene, og så berre ein.....
Kva meir kan ein forvente i travle tider? PC,en er sjuk, blir truleg aldri frisk att, seier mors rotekopp. (les. elste sønn) joho, dette kan gå bra, trur ikkje det er hovedkortet, seier minstemann, på andre sida av havet...
Husets datter låner villig ut utstyr så mor kan halde orden på banken, og penger på ut og innkonto...
I denne frustrerte tida har eg alikevel komt meg inn i ny heim, og er strålandes fornøgd... litt mildare barnesjukdommer er det nok der også, men blir rydda unna etter kvart som dei blir registrert. Banankassane er derimot ikkje rydda bort enno, men det hjelper på litt etter litt.

Så tilbake til votten. Den skal nok brukast. Henger så flott på jobb-veska mi, og er lett å finne når man står på helidekk, i storm og snøkave, med 20 bager som alle er like. Inne i votten er det nett plass til ei lita plasteske med ørepropper, så slepp eg å leite etter dei når det er behov for denslags..
I mellom desse ulike aktivitetane har eg sysla med div. handarbeid, så smått. Det må nok berettast om seinare når eg er tilbake til normale dager.




Flott søndag til alle bloggvener!