torsdag 30. oktober 2008

Visdomsord

medan eg leiter etter den bortkomne brikka til fotoapperatet. Eg var jo så sikker på at eg tok den med på jobb, eller...

Hvis du ikkje er fornøyd med det du har,

ville ikkje heile verden, om du eide den,

kunne gjøre deg lykkelig

Akkurat no føler eg at den brikka kunne ha vert toppen på lykka for i kveld..

lørdag 25. oktober 2008

Innesyslar i uværet...

Onsdag reiste eg på hytta for å ta inn resten av hagemøblane og div. blomster-urner. Og det var så abselutt i siste liten. Natt til torsdag kom uveiret med mykje vind, enda meir nedbør, godt krydra med lyn og torden. Inne var det varmt og godt, men søvn vart det lite av. Fredag fann eg det best å komme meg heim at, medan det ennå var råd å reise over fjorden. Og heime, utan straum i fleire timar.


Med på tur hadde eg det nyinnkjøpte camel-spin garnet. Etter ein tur på hespetreet blei det starten på eit skjerf, etter engelsk oppskrift. Og det gjekk mykje betre enn venta....

Enno ser det kansje ut som ei sildenot, men dette vart slett ikkje verst. Lurer på om eg kansje brukte litt for tjukke pinnar, men så mjukt og herlig som det vart. Arbeid i kveldsmørke med oljelampe og stearinlys er det derimot ikkje.

Til kveldskos og tv må det vere noko enklare. Då er gryteklutar greit. Dette garnet heiter Bernat, og var med heim frå Canada.


Desse gryteklutane er nesten heilnorske, 2 firkantar som er lagdt i stjerne og hekla saman til slutt. Fant eit par klutar på Farmers Marked, måtte berre kjøpe dei så eg hadde oppskrifta. Har aldri sett desse før...
Er blitt litt mykje gryteklutar, kansje 6-7 par. Men det er då jul snart, bursdagar, julemesse og.......
Ha ei fin helg, alle bloggvenner.





tirsdag 21. oktober 2008

Nye gardiner...

Denne veka er endelig gardinkappene komt på plass i stua. Så lenge det har vært lyst og fine kveldar har det ikkje vert noko savn, har då persiener. Har valgt å ikkje ha sidegardiner, vil ha mest mulig lys inn.

Må alikevell innrømme at når kappene alikevel var der, så vart det mykje kosligare inne. Og ute er det full haust med alt det innebere, sterk vind og mykje regn.

Det første garnet frå Canada er tatt i bruk. Eit heilt enkelt rillestrikka skjerf i ein morsom fargekombinasjon. Og når det blir tatt i bruk, kan eg sende ein tanke til kvinnene i Sør-Amerika som har spunne og farga for hand.


onsdag 15. oktober 2008

Shopping...

Noko av den store spenninga når eg er ute og reiser, er om eg finn noko spennande på håndarbeids-fronten. Det gjorde eg denne gongen og, kansje mest fordi eg hadde besøkt Regina i fjord, og trudde og meinte kor byens artigaste butikk låg. Dit drog eg med 2 andre hissige strikkedamer, turen varte ein time, men fann eg butikken... Om kvelden etter stengetid fant eg adressa i telefonkatalogen, gjekk opp ruta, eg hadde bomma på eit kvartal... Neste dag satte tre damer seg i taxi, brukte 2 timar på handel og koselig prat med eigaren, for så å dra lykkelige tilbake til hotellet. Desse stoffrestane kjøpte eg i Canmore, på veg til Banff Nasjonalpark. Kjekt med litt nytt utvalg, billig var det og...

Frå strikkebutikken... Alpaca Cashmere, full pris ca. 35kr. Fikk det til halv pris. Dette er ein farge eg liker veldig godt, synd dei ikkje hadde meir av den...

Manos del Uruguay, Handcrafted Kettle Dyed Pure Wool. Berre tittelen på nøste var grunn til å dra dette med heim. Og så var fargen nydelig, det er liksom meg...


Camelspin, 70% silke og 30 % Camel, har aldri prøvd noko liknande... spennande.


Ocean er engelsk, og heilt ordinær. Nydelig blå denne og, skal bli topp til meg sjølv.




søndag 12. oktober 2008

Tøft å vere menneske


Når dag blir natt og kroppen ikkje skjønar at no er den tilbake i gamlelandet.
Men ein flott opplevelse har det vært. Bryllup, naturopplevelsar, museum av ymse slag, nye bekjentskapar og ein utruleg flott biltur i 10 døgn gjennom eit vilt og vakkert land.
Fleire bilder, og litt handarbeid, kjem eg tilbake til når eg har den heile og fulle oversikten..
Ein riktig fin søndag til alle blogg-venner...