lørdag 25. oktober 2008

Innesyslar i uværet...

Onsdag reiste eg på hytta for å ta inn resten av hagemøblane og div. blomster-urner. Og det var så abselutt i siste liten. Natt til torsdag kom uveiret med mykje vind, enda meir nedbør, godt krydra med lyn og torden. Inne var det varmt og godt, men søvn vart det lite av. Fredag fann eg det best å komme meg heim at, medan det ennå var råd å reise over fjorden. Og heime, utan straum i fleire timar.


Med på tur hadde eg det nyinnkjøpte camel-spin garnet. Etter ein tur på hespetreet blei det starten på eit skjerf, etter engelsk oppskrift. Og det gjekk mykje betre enn venta....

Enno ser det kansje ut som ei sildenot, men dette vart slett ikkje verst. Lurer på om eg kansje brukte litt for tjukke pinnar, men så mjukt og herlig som det vart. Arbeid i kveldsmørke med oljelampe og stearinlys er det derimot ikkje.

Til kveldskos og tv må det vere noko enklare. Då er gryteklutar greit. Dette garnet heiter Bernat, og var med heim frå Canada.


Desse gryteklutane er nesten heilnorske, 2 firkantar som er lagdt i stjerne og hekla saman til slutt. Fant eit par klutar på Farmers Marked, måtte berre kjøpe dei så eg hadde oppskrifta. Har aldri sett desse før...
Er blitt litt mykje gryteklutar, kansje 6-7 par. Men det er då jul snart, bursdagar, julemesse og.......
Ha ei fin helg, alle bloggvenner.





8 kommentarer:

sologbolig sa...

Hei. Ja no er det best å halda seg innandørs. Garnet i skjerfet ditt såg deilig ut. Flotte dei stjernegryteklutane dine. Ha ein fin søndag!

Solveig sa...

flott produksjon!. Dei gryteklutane var artige.ionstays

Solveig sa...

ionstays.... Eg skreiv visst ordbekreftelsen på feil plass :)

Anne-Berit sa...

Ufyselig vær hos deg også forstår jeg.Men du får tia til å gå med håndarbeidssysler ser jeg.De stjernegrytklutene var fine,artig mønster.Og skjerfet syns jeg så kjempefint ut.Ha en fin søndag!

Lille meg sa...

Tusen takk for hyggelig hilsen i bloggen min. Du har så mye interessant.For en produksjon! Du er jammen flittig,- og flink!
Så mye fint. Jeg likte godt gryteklutene.
Jeg skjønner at dere har hatt mer vær enn vi har. Natt til i går har det vært storm, men jeg sov som en stein og hørte ingenting.
Men jeg berget unna løse ting ute.
Det ble ikke så ille som det var meldt her, heldigvis.
Ønsker deg ei flott uke!
Kos deg inne når stormen raser ute!

Gamleheksa sa...

Så koselig med enda en hilsen fra vest. Je får skrive litt totning åt deg da, så du kænn mimre. Gjøvik er en koselig by, men litt stille. Vi lik øss bære på bygda, 3 mil lenger sør-øst.

Så heldig du er som er farmor. Barnebarn må være livets dessert, kun for å nyte.

Klem frå Toten.

Laila Kristin sa...

Flotte gryteklutar! Om du har plass i kofferten neste gong du kjem så har eg plass på kjøkkenet mitt;)
No ventar eg foreldre på middag, har laga brennsnut, NAM! Håpar alt står bra til.

Hilde C. sa...

Så nydelige farger det er i sjalet ditt :-)