lørdag 28. januar 2012

Arbeid på gang...

Et nytt babyteppe er i gang. Restegarn no også... Mykje er frå eget lager, men også frå andre strikkeglade damer som etter kvart kjenne til prosjektet..







Eit trekantskjerf frå ukjent opphav.. med ein nydelig struktur i garnet. I fjord haust fikk eg ein stor sekk med garn frå Sanitets-foreninga. Prøver å nytte opp det som er brukande til basar-gevingstar..







Ha ei flott og kreativ helg !







mandag 23. januar 2012

Dubai

Så er ei lita ferieveke til Dubai over. Dette har vert ein opplevelse. Dei Arabiske Emirater fann olje 10 år etter Norge, men har ikkje så mykje "pengar på bok". Derimot har dei eit velstelt land, ein imponerande infastruktur, folk i arbeid, og knapt fattigdom.. Så kan ein diskutere om alt dette er riktig gjort... Heilt sikkert ikkje, men eit vakkert og spennande land er det.

Ny og gammal bebyggelse. Tårnet på 828m er verdens høgste byggverk. Eg var oppe på 124, og veldig fornøgd med det...
Seilet. Tilnerma lik Seilet i Molde....



lørdag 14. januar 2012

Nytt år, og nye muligheiter...

Opprydding av UFO,ar gir alltid godt samvit, og no er strikkekorga rydda....

2 nye huer til mannfolk. Ei til jakt og fiske, ei til måneskinns-tur, kansje...
Begge blir å finne på Sanitets-basaren.


Sokkar til Albania, er ikkje blitt så mange par i vinter. Men har rikelig med garn, så det ordner seg nok... Paralellstrikking er greit når ein skal bruke opp restar.



Barneskjerf i babyull.. Har lagt nederst veldig lenge, no er det historie, alt dette her....


Ha ei flott helg alle der "ute".





torsdag 5. januar 2012

Gul babyjakke..

Ei ny lita babyjakke er ferdig til den nye Prince,en.... Strikka i babyull frå Sandnes. Mønsteret, som slett ikkje kjem så fint fram på bilde, er henta frå noko heilt anna. Grunnoppskrifta er det samme som i den blå/turkise strikka for nokre veker sidan.





søndag 1. januar 2012

Nytt år !

Så har eit nytt år starta, saman med eit nytt strikketøy. Det gamle året blei avslutta med god mat og drikke heime hos husets datter, karnevalsopptog (Kjippen) gjennom byens gater, og fyrverkeri og stiv kuling....
Når ein bur på denne kanten av landet må ein kansje forvente det meste......

Den nye dagen og året, har starta stille og rolig. Måtte 2012 forsette slik.


Ynskjer dykk alle eit flott og kreativt år !