tirsdag 23. mars 2010

Påskeutfart...

Årets Påsketur går til Haltenbanken, og jobb. Når det er som det er, så får ein gjere det beste ut av det....

Rett frå jobb, onsdag om 14 dagar, dreg eg på Strikketur med Hurtigruta. Denne turen har eg skrevet om før, og her, og her kan ein lese om kvinnefengselet i Albania. Det var Liv som først gjorde meg oppmerksam på desse kvinnene.

Gamleheksa på Toten har også vert ein god støttespelar. Det er ho som har laga logo,en med Hurtigruta på.... Som takk har eg låva å ta med strikkepinnane, og vere med å seile på Mjøsa seinare i sommar.

Når turen startar blir det oppdatering kvar dag, seilingsliste over kva havn vi er innom etc. Og skulle nokon ha lyst å slå følge ein strekning, er det berre koseleg. Besøk ved landligge er også kjekt....

I mellomtida: Ha ei flott Påske, vær forsiktig i trafikken, enten du er på fjorden, i skiløypa, eller i bilen...

fredag 19. mars 2010

Strikkesett til Prinsen

Dette strikkesettet er litt av ol-strikketøyet, og er gave til den kommande prinsen. Mønsteret er sikkert 15-20 år, men like aktuelt. I mønsteret er buksa berre til livet, men eg likar bukser med selar til slike små..
Strikka i babygarn, størrelse o-3 mnd.

torsdag 18. mars 2010

Gromguten 9 år....

Her på gyngehesten som var dåpsgave frå onkel Frode. Guten har nok vokst litt sidan dengang.

Og farmor er på flyreise til Østlandet. Medbrakt barnevogn, 2 kolli babytøy til den nye babyen, gyngehest og div. div.... venter farmor på bussen i ein bortgjøymt krok på Gardemoen.. Det var nok sikkert mange som tenkte stakkars barn når dei såg den nedleste vogna.
Men ingen barn der, derimot ein større komlemiddag til i morgon...

Jubilanten viste ingenting før farmor stod i døra......


Onkel Andre avslutta kvelden med gitar-spill til gutane.

onsdag 17. mars 2010

Nye puter..

2 nye puter, resten av stoffet er brukt opp. Desse putene skal pynte den "nye" stolen, eller bli brukt til middagsluren på sofa,en...

lørdag 13. mars 2010

Gammalt og nytt...

Denne velbrukte stolen frå hybeltida tidlig på 70-talet, har fått ny kledning. I haust blei den trekt om, og treverket malt for å passe inn i omgivelsane.. Nokre dagar på hytta for å sjå våren i møte, og stolen er montert...
Kvitt er kansje ikkje det mest fornuftige, men passar flott inn i heilheita. Har nok stoff til eit par puter også.
Takk til Mariann, som gav meg stoffbiten...

Sokkar frå OL-tida.. Vart mykje halvferdigt då, alt etter kor spennande det blei på tv,en. Men hytteliv er balsam for halvferdige prosjekt..

Strikka i Regia (italiensk), kjøpt på salg ein eller annan plass. Første gangen eg prøver denne tråden, heilt nydelig til litt tynnare ullsokkar. Og ullsokkar har det vert brukt denne vintaren, så desse er til meg sjølv...


tirsdag 9. mars 2010

OL-arbeid

Dette blei til under OL. Greit arbeid, som nesten går på autopilot når ein skal fylje med på tv-skjermen.

Både hua og leggvarmarane er fritt etter div. mønster som eg hadde i heimen.

Str. 12-14 år. og strikka i Senjagarn. Farge har mottakers mamma, som er ein arbeidskolega, bestemt.

Så spørs det kva jenta sjølv meiner....

fredag 5. mars 2010

Kaos...

Her råder det fullstendig kaos. I løpet av siste natta og i dag har det komt 45cm snø. Flyplassen er delvis stengt, bybussen kjøyrer ikkje full rute. Dei viktigaste veiene blei etterkvart brøyta, nokre fortau også... men korleis komme seg inn på fortau når brøytekanten er uråd å komme over.
Bilar kjøyrer seg fast, eller er det bensinmangel? På bensin-stasjonen like ved her, vart det ikkje brøyta heller, den einaste bilen som prøvde seg der måtte tauast tilbake på veien. Snøskufler og anna måkeutstyr er det tomt for på alle butikkar. Og fabrikken er tom, leverer ikkje før til hausten att...

Denne helga skal eg kose meg innomhus med pusen, og alle mine halvferdige strikketøy.

God helg.



tirsdag 2. mars 2010

Hurra for deg som fyller....

Mor, som i dag fyller 82 år..
Ikkje alltid like sprek som før, men med litt hjelp, greier seg sjølv i kvardagen. Gleda over å kunne reise, har nok alltid vert til stede. Men kunne ikkje realiserast noko serlig før livet som småbruker-kone var over.
Her ein tur på Fløyen og Bergen, over 35 år etter at ho var der første gongen.
No gledar vi oss til Hurtigrutetur i April. Men ho veit lite om alle sokkane vi skal strikke til Albania-prosjektet..
Men strikking er ho enno god på, så det er ingen fare...

mandag 1. mars 2010

Mars, 1. vårmåneden...

men det skulle ein ikkje tru her. Dette bilde frå uke 9, viser full vinter. Dagane er blitt lengre, sola varmar så både liten og stor kan få vårfornemmelsar. Men like fult er det enno vinter, og snøen er den som kom 18.des. Litt av den har nok sola tatt, men stadig vekk kjem det litt ny..

Og glad som eg er i vinteren, har eg ikkje klaga. Men no, no kan gjerne våren komme....