onsdag 30. januar 2008

Mammas syrom


Mammas syrom er igrunn berre eit lite kott. Men det er berre mitt, her må andre nesten søke visum for å trå innafor. Gullungen, min datter, seier at ingen rydder så ofte som hennar mor. Kansje sant det, men berre på overflata. I går vart det tatt til under filleryene på golvet. Og mitt nesten kjæraste eie, bortsett for ungane då, kom fram i dagslys. Symaskina vart kjøpt i 1972, kosta meg då ei heil mnd.lønn og har vert ein trufast slitar.



Div. kasser med stoff, sotert i farger og anvendelse. Må ha eit lite utvalg, kan brått få ein ide ein laurdags ettermiddag.

Desse 4 damene kom til etter eit kurs. Blei ikkje heilt ferdige, har kansje gått seg bort...


Eit sort skjerf som eg tenkte å gi bort. Har vist gått seg bort det også...


Dette blei ikkje ferdig fordi det hasta med det sorte, trur eg. Skal bli eit skjerf det og.


Og dei som trur dette er skjerf tar heilt feil. Vent og sjå, dette kjem straks i ferdig utgave.



Dette er ein linduk med bittesmå korssting. Ikkje noko for mitt syn lenger, men ei jente på jobben har låva og sjå på saken.


Ei ferdig strikkejakke som aldri blei montert. Grunn..... trur den er for lita. Den er i grunn veldig fin og kunne bli ei flott gave. Her må eg nok stramme meg litt opp og gripe fatt i saken..



Innerst i kroken står 4 grønnsak-kasser med div. tråd. Kjekt og ha, og må berre ha...


Bakerst, nederst og innerst, kom denne lille påske-historia fram i dagslys. Kor lenge den har venta er usikkert, men det er vel kansje nokre år sidan flammegarn var inn ? Gullungen seier den er så stygg at den er kul, så då må den få eit verdig liv. Har faktisk tråd nok til 2 stk. så kven veit.
Så nå er det rydda, symaskin og strikkemaskin kan vente nye oppdrag, berre alle desse UFO,ane er historie. Om nokon har sett eit strykebord her også, så er forklaringa den:
Berre til bruk for å stryke ut saumar og når eg aplikerer. Eg har eit anna som eg brukar til vanlig stryketøy.


søndag 27. januar 2008

Båt-tur....til hytta.

I dag har eg vert ein snartur på hytta for å sjå korleis det stod til der etter vinterstormane og nedbøren dei siste månadane. Har ikkje vert der sidan sist i oktober. Og heldevis, alt var ok.

Allerede når eg stig i land på kaia kjenner eg korleis skuldrane dett på plass. Stillheita og roa er det som pregar øya. Her er ikkje by-støy og travle menneske som hastar frå plass til plass. Berre eg, naboen og ei ørn som sat og skua utover fjorden.


Er det rart at eg ventar og lengtar.... og her er det eg lengtar etter......



Om eit par veker har eg planer om å ta turen utover og være ei vekes tid. Enno kan det komme vinter og storm, men det er nett det same om eg måkar snø her eller der. Dagane blir i hvertfall kortare for kvar dag, og etter vinter blir det alltid vår, og sommer.



Ha ein fin kveld, og god start på den nye veka som kjem.

torsdag 24. januar 2008

Englemasker og andre masker...på jobb.

Så er skjerfet ferdig og sjølv synes eg det blei fint. Starten blei litt ujavn, men dette er jo eit prøveprosjekt. Med forskjellig tråd og maskestørrelse kan ein jo lage alt frå "rufse"skjerf til lekre skjerf i silkeblandinger e.l. og brukes til det meste, om ikkje nett til kokkejakker.


Men jenta var grei og stilte opp.






Ein av gutta på jobben ville ha nye fingervotter uten "totter". Eg trudde først det var ein spøk, men tok utfordringen, uten mønster. Strikka først ein, lot han prøve den, og strikka så nr.2 med litt justeringar. Retta så opp den første, og så var det gjort.




Og mannen er lykkelig, og venter på båtsesongen med garn og krabbeteiner.


Mellom alt dette, og mykje anna, syr eg på hardangerduken. Om ikkje eg synes det minkar, så går det framover...

tirsdag 15. januar 2008

You make my day..


Denne flott utmerkelsen har eg fått fornokre dager sidan av Strikkeforbi. Eg takker, bukker og neier, føler det som ei stor ære.
Så skulle eg sende den vidare til 10 nye, og då får eg litt problem. Ikkje fordi at det ikkje er mange nok som virkelig har fortjent den, men når eg er innom og tittar, så har snart "alle mann alle" deltatt. Men rett skal være rett, mange av bloggane har virkelig fortjent både ein og to, og kansje fleire award,a.

Her er mine 6 første kanidata:

Bea: ei ildskjel med strikkepinnane, som aldri har klaga over helsetilstand, men dei fleste skjønner at det er grunn til strikking og blogging om natta etc.
deb: ei amerikansk dame som fikser norsk så greit at eg er still av beundring. Kansje mest fordi er slit litt med engelsken min.
Har du nå købt garn igen: ei dame som med sine bilder og tekst setter meg i godt humør.
9na: Skriver nokre flott og fantastiske historier av og til, eg ler og kosar meg....
Petunia: Flott bilder og jordnære historier, ofte om livet på landsbygda. Då tenkjer eg tilbake til barne og ungdomsåra.
Anne-Berit: Ei flott dame med stor kjærleik til dyr.

Så håpar eg at der er nokre som føler at denne runda kan ein godt vere med på, og så sende "budskapen" vidare, for ennå manglar eg 4 stk.

Ha ein fin dag alle som er innom.

søndag 6. januar 2008

Det nye året.....

Englemasker-Kjærlighetsmasker....
Kjært barn har mange navn. Eg lovde ein gong i haust at i romjula skulle eg lære meg englemasker, og no kan eg det. Slett ikkje vanskeleg, artig var det, og går fort unna. Dette er den typen arbeid man kan putte i håndveska og ta med overalt. Slikt likar eg.



Eit anna arbeid som er komt fram i dagslys er mors spisebords-duk i hardangersøm som aldri blei ferdig. Den var tenkt til 12 pers. men er nå med mors vilje blitt redusert til 8. pers. No har eg låva å få den ferdig til sommaren, då ho skal ha den til gave..




Så får vi sjå då om eg greier å halde den lovnaden.

Å fotografere inn i dårligt lys var vanskelig. Men berre vent til den duvar på klesnora i fin sommarsol.