onsdag 27. mai 2009

Gammalt og nytt...

På besøk i Bokbyen fant eg desse to bøkene, som eg berre måtte kjøpe. Dei er trykt i 1944 og -51. Sjølv om ikkje alt er like aktuelt i dag, er det alikevel morsomt å lese. Og skulle nokon ynskje oppskrift på strikka damebind, eller heimesydd brystholder, så ordner eg det...
Mandag var eg på dagstur til Bergen. Reisa dit med båt er nett lang nok til å hekle eit par gryteklutar. Tar du ein kaffikopp og "høneblund" etterpå, ja då blir du slett ikkje ferdig.

På den flotte turen østom fjella blei det også hekla gryteklutar. Reisehandarbeid, kjekt å ha i veska, og kjekt å gi bort. No vart det ikkje store stunda til å susle med slikt, det var så mykje anna som var kjekkare...


fredag 22. mai 2009

Vel heime att.....

etter ein fantastisk tur til Østlandet.

Turen starta sist mandag, over Strynefjell og ned Gudbrandsdalen til Lillehammer. Tirsdag og onsdag vart Gjøvik og omland besøkt. Torsdag ein flott svipp nedom Skreia før vi la veien over Valdres/Filefjell og Sogn heim att.
Målet for turen var: Maihaugen, sjå att gamle kjente, folk og stier på Gjøvik.... møte nye "kjente", og besøke Bokbyen i Fjærland.
Det mest spennande var nok besøket hos Hobbygåsa og Gamleheksa. To spennande bloggdamer, der kontakten vart oppretta øyeblikkelig, og "skravlene" gikk i ett. Tusen takk for at vi fikk komme, og flott servering......
Takk også til Rigmor som husa oss på Gjøvik, for mat og forpleining, bilturar gjennom utallige rundkjøyringar... Mykje hadde endra seg sidan 1991.
I Sogndal var det Veronica som delte ut sengar. Takk til deg også.....

Vel heime att, er eg overlykkelig over at vi endelig fikk reist... og at mamma,s gullunge Bea ville ha mor med.

søndag 17. mai 2009

3 x 3 Hurra for


17. Mai, Alexander Rybak og mamma,s Bea som alle har grunn til å feire i dag. Bordet er dekka, kaka og rømmegrauten i kjøleskapet, og pakken klar. Så er det berre å få på seg bunadstasen og la det stå til....
Ønsker alle bloggere ein riktig fin dag !

onsdag 13. mai 2009

Sommar-topp

Denne sommar-toppen er blitt til siste veka. Garnet, Sirdar Ocean kjøpte eg i fjord sommar i Canada. Det er ein blanding av bomull og nylon. Mønsteret er og ei blanding, mellom Sirdar, Drops og egne meiningar. Det er ikkje alltid at det skrevne ord passar best. Her blei øverste del av framstykket strikka 2 ganger, og då blei eg fornøgd med resultatet..

tirsdag 12. mai 2009

Å-huffa meg, å-huffa meg, kva er det som har hendt...

Det er 3 år sidan bunaden har vert på kroppen, og noko har skjedd i dei åra.... Her var gode råd dyre, som det heiter i ordtaket. Og her vart dei nok dobbelt så dyre.



Full fart til Husfliden etter meir sølv, og så søke hjelp hos dei proffe. Dette har eg ikkje gjort før, men det var slett ikkje vanskelig, så neste gang skal eg ordne det sjølv. Og då skal belte syast inn att, heilt sikkert... Takk for hjelpa, Anne-K.

No heng bunaden her klar til bruk, med nystrøka skjorte og alt på plass. Veirgudane har lova Vestlandet flott sol til den 17. og det er nok best. Bunads-capen er merkelig trang i halsen...

lørdag 9. mai 2009

Strikke-bursdag

Må berre fortelle det.... eg har bursdag i dag....... kaka var lita, men nydelig.

Gave frå Gullungen.. nett påbegynt strikketøy. Dette skal bli jakke til mor, men mor slepp å strikke den sjølv. Har nok heilt sikkert ymta frampå om at denne likte eg..

Mellom kaffi og kaker, middag og vin strikkar vi. Kvifor ikkje kose oss med noko som begge to liker..


Som mor, så datter.....




tirsdag 5. mai 2009

Kveldssol ved havet...

Dette bilde er tatt sist søndags kveld kl. 21:30 like før sola takkar for seg. Bak om desse øyane er det berre storhavet som rår.....

På turen til Kina fikk eg i oppdrag å kjøpe "NRKs-VM hue til ei veninne. Den på TV skulle vere kjøpt i Beijing. No var nok det ikkje så lett, lite salg på slike huer i sommervarmen som var der.

Litt skuffa blei ho nok, men gikk aktiv inn for å rive ut diverse bilder frå aviser og ukeblader på jobb. Om eg kunne fikse enten sånn, eller slik... Og kva gjer ein ikkje for gode venner..
Den første er nesten som på tv, og nr.2 er mistenkjelig lik ei Kari Traa hue.
Oppskrift er fri fantasi etter ukepressa... og litt stjålne idear..

fredag 1. mai 2009

Gult er kult

Hyttenaboen er inne på fastlandet og henter sin "bedre halvdel" som no har helgafri. Eg fikk vere med og hente meir trådnøster, og batterilader til fotoapperatet.
Av og til pakker ein litt for fort, og det kan straffe seg. Men strikkepinnane har gått gjevnt og trutt i solveggen.
Dette flotte blomsterbilde er frå Kina, og slett ikkje min hage. Men det grønkast ved havet og..

Fortsatt god helg til alle bloggvenner.