
Så er eg tilbake, vel innstalert på ny rigg. Og kven kan ikkje trivast her, like vakkert inne som ute. Kom ombord torsdag ettermiddag, og sidan har dagane fløyet. Nye folk, mange inntrykk skal fordøyast. Og då riggen er mykje større enn den forrige, er det mange ting som også er ansleis, sjølv om stillingen er den same.
Eg kjenner allerede at dette er ein plass eg vil trivast. Og hobbyrommet er stort og velutstyrt. Strikkepinnar og heklekrokane er stadig i bruk. Nett no er det tova julegaver som er i skuddet.
Med dette vakre bilde frå Haltenbanken, tatt i ettermiddag, ynskjer eg dykk alle ei fin veke.