søndag 28. oktober 2012

Julegåve

 
Til ein lillebror. Mamma,en ønska seg ei jakke. Denne er i størrelse 9-12 mnd. Armane skulle brettast opp, men kan med fordel brettast ned etter kvart som guten veks.
Garnet er Lerke frå Dale, ein fin blanding i Merinoull og Bomull.

tirsdag 23. oktober 2012

Marius gensar.

Marius-mønsteret er i vinden som aldri før, i følge husets datter på garnbutikken. Denne utgaven, i litt ansleis farger, skal på Sanitetens haustbasar. Fikk overlevert ein stor pose garn, som ut ifrå prisen, må ha lagt lenge bortgløymt. Etter kvinnenes ønske blei det ein barnegensar, så får resten blir til etter kvart..
Garn: Safir, pinner nr. 4 og str. 8 år.

søndag 7. oktober 2012

Søndags middag på VFR

Slik føler eg meg i kveld, dansande glad. Er tilbake ein kjapp visitt på ei av mine "gamle" plattformer. Med ein utruleg flott og velsmakande søndagsmiddag, skalldyr i alle fasonger.
Det er alltid kjekt å komme tilbake på visitt, helse på gamle venner, og å treffe nye. Sjølv om denne turen kom litt brått på, var eg kjapp til å takke ja...
Neste gang så ber det nok opp att til Haltenbanken, og det føles også heilt rett. Det er der eg høyrer til no..

Til alle bloggvener...   ha ein flott kveld, og ein flott start på ei ny veke i morgon...