tirsdag 27. april 2010

Vår, uke 17

Våren er her, den er komt.... no er det ikkje tvil lenger.....

Utmerkelser....

Då eg var ute på den store seilasen med Hurtigruta fikk eg 2 utmerkelsar. Ein frå Stubbetufsa og ein frå Strikkebesta. Eg er takknemmelig for desse helsingane, men velger å ikkje sende dei vidare..

Denne lille vidio-snutten set strek for Strikketuren. Her er ei svensk dame med store ambisjoner om å lære pjonekunsten, og det gjekk over all forventing.

Med alt strikkegarnet som eg har fått frå fjern og nær, har eg ingen muligheit for å greie produsere meir sokkar til denne forsendelsen. Noko må nok ligge "på vent" til hausten. Det som no er ferdig blir sendt med det første, så er det andre sysler som overtek ...

fredag 23. april 2010



Trollhatten


Konkuransen er over, og vinneren er 2-delt.


Gamleheksa, som sendte hemmelig melding på 11 stk sokkar.

Liv som tippa 19.


For det blei strikka litt anna enn sokkar og.... Eg hadde skrevet litt om pjoning av vottar, og strikkahuer.. Lurte eg dere no... Og oppgava var: kva hadde eg med heim att?


Dette hadde eg med:

12 par sokkar i ulik størrelse.

2 par vottar

4 huer

totalt 18 ferdige objekter...
Takk til alle som støtta prosjektet, med garn, ferdigstrikka produkter, besøk, kaffekjeks, ettersendelse av fleire sokkar... Hjertelig takk til dere alle...





mandag 19. april 2010

Strikketurens ende, og konkuranse...

Brått var strikketuren over. Og det kansje litt ute av min kontroll. Men ein nydelig tur har det vært, mykje har vi sett og opplevd. Og ikkje minst, alle dei flotte damene, og nokre menn, som vi kom i kontakt med.
Mitt håp er at alle no er komt heim uten all for store vansker....

Turens siste dag, frå Trondheim til Ålesund, var grå og kjedelig på mange måtar. Den skada tåa var hoven, blå og ubrukelig i sko. Litt rar var kroppen og, hadde dette tatt på, som skulle være ein ferie..

Ved ankomst Ålesund ved midnatt, blei vi møtt av "litje-systa" og alle himmelens sluser opna.
Den kommande natta vart det oppkast og diare. Ei helsing frå Hurtigruta? Eg veit at fleire var sjuke ombord.

Lørdag var det legevakt og røntgen, med den lille blå.. Helsevis ikkje brudd denne gongen, berre nesten.

Søndag var det å få mor heim att til si stue. Ho fortsatt frisk, eg fortsatt småsjuk, og systa bak rattet i lånt bil. Turen tar vel 2t. kvar veg, og med nysnø i store mengder. Det gjekk bra..

Enno er eg i Ålesund, skal til Kristiansund tirsdag og onsdag i møte, men så skal eg HEIM ATT...

Så undrast vel enkelte:
Kva vart resultatet av all strikkinga ? Ja kven veit, eg er ikkje heilt sikker....
Så no har dykk muligheiten. Den som kjem nærmast, kan vente seg ei helsing.
Eg strikka mest, mor mykje mindre, litt fekk eg underveis....

Det som er heilt sikkert, helsinga er ikkje strikka sokkar..

Fristen er kommande Fredag kl 0700.





fredag 16. april 2010

Ørnes - Rørvik torsdag 15.3.

Denne dagen har vært grå, med regnbyger.. Lite å sjå ute, og lite fotografering.
Men innomhus har vi hatt det morsomt, synd at dere ikkje kan få sjå foto,ane i dag. Er på lånt maskin pga. stadige problemer med tilgangen. Alt skal bli så mykje betre når eg er heime att.

Den svenske dama, har lånt tråd og heklekrok, så no kan ho Pjone. Kva det heiter på svensk veit eg ikkje, men det finn ho nok ut av.. Resultat, fine pulsvantar. Vi begynner i det små.

I kveld, ved middnatt, går mor og eg i land i Ålesund. Der skal vi tilbringe helga hos "likje-søstra" mi. Det blir då ingen ny rapport herfra før eg har fast grunn under føtene.

Til alle dykk som har "vært" med på turen, ha ein kjempefin fredag...

onsdag 14. april 2010

Harstad - Stamsund

Helsing Stubbetufsa...

Først av alt må eg nok ein gong takke Stubbetufsa.... Eg har nok gjort ho stor urett tidligere i dag. Det var ikkje berre det at ho kom med store mengder strikkegarn, men også ferdig strikka huer og små sokkar.

Ho sette meg på ein tanke som eg slett ikkje har komt på sjølv:

Kva om desse kvinnene i Albania må ha spebarn med inn i fengselet? Då vil gjerne dei og ha varme sokkar.. Er det nokon som veit noko om dette ?


I dag, litt lei sokkestrikking, gjorde eg ferdig nokre pjona vottar, Alt av varme klær er sikkert velkommen... Då er det brått ei svensk dame som lurer på kva dette er.. Så i morgon skal eg lære henne å pjone. Og det morsomme er at ho hadde god kjenskap til kvinnefengselet i Albania. Hadde jobba med bistandsarbeid.


Nokre finske damer blanda seg i selskapet, men her var det fleire som hadde pjona. Vi er snart kjendiser her ombord. Og akkurat no er det veldig kjekt, så kan vi spreie opplysningane om dette arbeidet.


Havøysund - Tromsø...

" Kakepinner" frå Stubbetufsa....

Ein kort rapport frå gårsdagens hendelser... slik litt i ettertid...
I Øksfjord kom Turid ombord på kort visitt og helste på.. Medbrakt kaffe-kjeks og trådnøster. Tusen takk skal du ha.
Der kom også Stubbetufsa ombord.., med eit digert bærenett med sokkegarn. Nesten så det tok pusten frå erfarne strikkedamer. Ho hadde også med gaver til alle i følge, koselige kakepinner.
Hjertelig takk. Stubbetufsa seilte med til Tromsø, håper du får ein fin tur heim att i dag.
PS. trur den lille tåa er brekt, ser fæl ut i dag...

Wenches Sysler stakk ombord til ein hyggelig prat på Skjervøy. Synd at tida gikk så fort..

I går hadde vi det første vi kan kalle litt sjø, men slik kan altså Lopphavet være. Mykje snø og sludd også, men nå seiler vi nedover kysten til våren....



mandag 12. april 2010

Vadsø - Kirkenes - Båtsfjord

Flittige hender...
Slik går no dagane, og vi trives fortsatt. Sola skin delvis, sjøen fortsatt flat, og maten like god....
Og internett like dårlig....
Ingen store utflukter i dag, berre ein liten tur på handelssenteret i Kirkenes. Gamle føter orkar ikkje alltid like mykje, og pakkesel kan også bli slitne...

Søndag 11. Havøysund - Berlevåg

Så er eg tilbake, noko blogging i gårkveld ville ikkje nettet ha noko av.. Men gårsdagen var fin.



Då både mor og eg hadde sett Nordkapp før, valgte vi å ta turen til Skarsvåg. Eit lite fisker- samfunn med 30-40 fastboande personer. Eit barn att i barneskuletrinnet, som må bu på internat i Honningsvåg frå mandag til fredag..



Levevegen er her som ofte ellers langs kysten: fiske.

Vi besøkte Jule- og Vinterhuset. Fikk koselig motagelse, servert gløgg og lefse, og lærte litt om levevilkåra i den vesle bygda.



Smakte på tørrfisken fikk vi og, men slikt har vi heime.....



No ligg vi til kai i Kirkenes, og skal på ein liten bytur. Her snur Hurtigruta og vender baugen sørover att...

I morgon kl. 15:30 kjem vi til Øksfjord, og kl. 19:00 til Skjervøy. Då er det venta strikkedamer ombord. Gleder meg, og er temmelig spendt...

Men av erfaring veit eg at bloggdamer ikkje er farlige...

lørdag 10. april 2010

Harstad - Skjervøy

Kveldskos ein lørdagskveld....

Forsvarets musikk på besøk..

Gårsdagens blogging forsvant "ut i det blå". Er vanskelig med tilgang, så eg ber om forståelse for at eg ikkje kan bruke tid på å besøke andre sine blogger...
Noko må ein ha til gode til ein er heime att..
Sjøen er fortsatt like fin, i går hadde vi ein grå dag, med regn i Tromsø. Det blei ein liten bytur, men ingen handel...
Humøret er på topp, alle trives og har det bra. Sola er delvis framme, dette er den finaste dagen veirmessig hittil... Og sikkert ein flott opplevelse for dei som har vert på Nordkapp-platået..
Vi forlet no Hammerfest ,skal prøve å logge på i kveld når vi er til land att...

Stubbetufsa: Du har rett, det er tirsdag den 13. du må være klar... Og denne gangen skal eg nok finne fram ..
Nokon skreiv om Lopphavet: Det var så stille og blankt att...


fredag 9. april 2010

Ørnes - Stamsund - Svolvær

Stamsund i kveld.


Saltstraumen.

Kong Neptun foretar dåp..


Produksjon fram til i gårkveld.

Strikkepinnar og heklekrok.



Kjeungskjær fyr.

Nok ein stille og fin dag, med sol.. Det gjevaste var turen i buss til saltstraumen.
Strikkebesta: Kafebesøk skal bli, og ganske sikkert tur på Mjøsa også..
Strikketufsa: Velkommen ombord, skal skjekke tida i morgon... og denne gangen skal eg nok passe på å være synbar...
Bea: Vi stortrives alle fem, og kviler middag både før og etter måltida..


torsdag 8. april 2010

Trondheim - Rørvik

Så har vi forlatt Trondheim, med småregn og tåke. Her blei det ikkje bybesøk, vi har då sett byen i flottare omgivelsar mange ganger før.
Gårsdagen blei avslutta i baren, og med avgang frå Kristiansund var det leggetid.
No, etter å ha passert Fosen, virker det som veiret blir lettare. Spekkhoggarane gjorde visitt under lunchen, til stor begeistring frå båtens gjestar.
Livet er avslappa og flott, nesten utan bekymringar...... men periodevis har vi ikkje datadekning, så desse reisebreva må sendast til ulike tider..

Ei lita sørgmodig helsing til Strikkebesta: Kjem ikkje inn på bloggen din.. Veldig lei meg, var nok ombord. Enten i spisesalen eller i 8-9 etg. Det er der vi helst sit. Kan vi ta det igjenn med strikkekafe på Moa eingong. Eg har familie deromkring...
Og dette med navnet, no er det slik at eg har to navn, du skulle ha stjælt mikrofonen og ropt ut over eteren...

Neste havn er Rørvik kl. 2030....

onsdag 7. april 2010

Ålesund- Kristiansund

MS Trollfjord på veg inn til kai i Ålesund. Og da stod mor og eg klar til å gå ombord, der vi blei møtt av resten av reisefølge.
Ålesund var grå og trist i dag, Molde hadde også nokre regnbyger. Nett no passerer vi Hustavika, stille i kveld også. Dessutan har vi no sett sola. Middagen er vi ferdig med, nydelig... No er det å finne roen, nyte utsikten, og verkelig være turistar...

I morgon tidlig kjem vi til Trondheim kl. 0600, med avgang kl. 1200. Rørvik kl. 2130.
Og vi er byrja strikke sokkar....

tirsdag 6. april 2010

Prøvereise

Mandag ettermiddag på veg heim frå jobb, med Hurtigruta Trollfjord. Skjeldan har vel Hustavika vært så stille og blank tidlig i April.
Strikketøyet er med. Barnegensar str. 4-5 år i babyull, strikka i siste jobbperiode. Mønsteret frå eit ukeblad.

Men frå no av er det Albania-sokkar på pinnane.
I morgon kl 12:00 er vi tilbake på Trollfjord, og har avgang frå Ålesund kl. 15:00.

lørdag 3. april 2010

Påske







Fortsatt God Påske