lørdag 28. februar 2009

Vinterferien er over...

Og det er Branngenser-prosjektet også. No er det berre montering og brodering av mønsteret som står att, og det lyt vente litt. No står ein ny arbeidsperiode for døra...

Eit par nye sokkar såg dagens lys i vinterferien, eller nesten då.... for så langt var eg kom då mors datter etterlyste huer. Vi skulle ut på tur, i fjæra.. Tur blei det, med gode hetter..... vi kom heim att med øyra i behald og to flaskepostar...

Den kvelden blei det strikka ei hue og panneband. Sokkegarn og babygarn til riller...
Er ein på hyttetur, så må ein bruke det ein har. Enten ein skal strikke eller koke middag..

Ha ei fin helg, alle saman.

torsdag 19. februar 2009

Skiskyting og masketelling

Å telje masker, og få riktig antall under skiskytings-stafetter er ikkje alltid like enkelt. Etter tredje forsøk blei det maskemarkør for kvar 50. maske. Her skulle både eg og Ole Einar komme i mål på ein verdig måte. Midt i andre forsøk ringer telefonen:

Ja, nærmast skrik eg inn i røyret. Telefonseljar i andre enden.....
Eit øyeblikk, skrik eg på nytt. Sleng røyret på bordet, opp med lyden på TV........veldig opp...
Når seljaren blei lei å vente, veit eg ikkje..... for ordens skyld, eg har reservert meg for mange år sidan.

Armane på denne gensaren er ferdig, st. L. Har fått rapport om at det går ei stolt jente rundt på Karmøy med Brann-genser. No er det storebror sin tur, og det går forbausande fort.

onsdag 18. februar 2009

Albania


Skjerf, halser, huer, sokker og votter er neste hausts forsendelse til Albania. Alt strikka i restegarn.

Mor mi har ein formeining om at sokkane er vel "sprelske", og kva så...

Frys ein, og har lite å hjelpe seg med, har litt sans for humor, då må dette vere supre sokkar. Varme og slitesterke er dei i alle fall.


Eg har fått vekk ein mengd restegarn, nokon skal få gleden av arbeidet. Kva er betre ein det....


Takk til Liv som sette meg på tanken.

tirsdag 10. februar 2009

På tur til Sunnmøre...

Turen til Måløy med båt var utruleg vakker til å være først i februar. Lurte på om våren no kom, om denne snøen var det einaste vi skulle få i vinter. Men det er det altså ikkje. Vi har fått vinter....

Mor mi har vunne ei dokkeseng på basar. Denne vil ho ha i heimen når oldeborna kjem på besøk. Dokker vart innkjøpt, mi oppgave vart å strikke klær. Litt fekk eg ferdig, meir er på strikkepinnane.

Garn fikk eg også kjøpt, butikken hadde opphørssalg. Sokkegarn og baby-ull til ein liten gensar.


Med mobilen på øyre, på kne foran hyllene, kjøper eg tråd til "Gullungen". Litt slik mamma, og nokre sånne.... Kan ein spare nokre kroner så..... og butikkdama veit vi er ein strikkegal familie.
Dette er innlegg nr. 100. Det skal feirast på strikkekafe i Bergen.