tirsdag 22. desember 2009

God jul

Til tross for sjukdom er eg no klar for jula. Eller sakt på ein enklare måte: Dette er det eg har orka i år, og det er greit nok...

Dei siste tova-vottane er komt i julepapir. Snille, gode hyttenaboen som alltid er så hjelpsom. Han treng noko varmt i vinterkulda.

Smultringane kom i kakeboksen søndag. Bakt på den kjappe måten.

Juletreet er ferdig pynta, ja det er plasttre. Husets datter synes ikkje om nett plast då........
I dag har golva fått ei runde med støvsugaren, og så er det godt nok..
Ute har eg fått julesnø, og ny forsyning med hjelpemidler mot "munn og klovsykje"....
God jul til alle bloggvener...


torsdag 17. desember 2009

Snart i mål....

Baksten er snart ferdig, og i boks. Berre smulteringane står att, det er "veninnebakst" ein kveld..

Dette er ikkje mitt produkt, hjelper berre til. Slett ikkje vanskelig, men putlete arbeid.

Tova-vottar på veg til Sunnmøre... No er det berre eit par att på strikkepinnane, så eg er i rute.
Julegjesten, mor, er komt. Begge er vi snufsete, med halsvondt. Er nok heldevis ikkje svinesykja, minner meir om munn og klovsjuke.
Ute skin sola. Værmannen på tv har nesten lova snø til jul.
Så no puslar eg med mitt, og lever i håpet om at jula blir slik eg helst vil ha ho..
Ha nokre fine førjulsdagar..


fredag 11. desember 2009

Micelle-vottar

Micelle-vottane er no ferdig tova. Ser at starten kunne ha vert litt smalare, eller brukt vanlig vrangbord. Alikevel eit greit resultat av 4 små nøster restegarn.

God helg, alle saman.....

torsdag 10. desember 2009

Fleire gaver...

Her eit par damevottar, og barnevottar str.6 år til tørk. Desse er ferdig tova, og blir gave. Eit par damevottar var allerede komt i gavepapir før fotografen fekk tenkt seg om.. Og selbuvottane, no to par, hadde det like travelt med å komme til posthuset.

Desse vottane er strikka under dagens Obama-sending på TV. Blir nok ferdig i kveld, og skal tovast.. Dei er like fargerike som Fru Obama, og heiter frå no av Michelle-vottar. Desse eit resultat av restegarn.
Alle er strikka i Sandnes Fritidsgarn og pinnar nr. 6.

lørdag 5. desember 2009

Gaver...

Selbuvottane er nesten ferdig, men kven hadde tenkt at det skulle bli to høgrevottar?
Hastverk er lastverk, seier eit gammalt ordtak.... og slik blei det nok her. To nye venstrevottar er under produksjon.


Sokkar til Albania. Strikka på jobben, av restar. Og dei restane hadde kansje gått i søpla om ein kven andre hadde rydda.... her var det 3 blå nøster, og 5 grå = gode varme sokkar til nokon som ikkje har så mykje å hjelpe seg med.


Dette er siste resten av Falk-garnet til OL-gensarane. Eg har ein liten "ven" som ikkje har strikkande tanter, bestemødre. Og sidan eg ikkje har så mange barnebarn, har eg adoptert denne vesle karen.
Oppskrifta er "litt av alt", og innfallsmetoden.

God helg.

torsdag 3. desember 2009

Advendtstid i heimen...

Kan noko verta betre enn å komme heim til blomstrande julekaktus, og god varm stue. Trur nokon har vert her og skrudd opp varmen dei siste dagane...

No nyt eg "frukosten", etter å ha komt heim med Hurtigruta i dagmorges. Julebrød med geitost og sylteflesk, nykokt kakao, mandarin og raude nellikar, og frukost-tv. Greit å ha butikk i same hus, når kjøleskapet er tomt.
No skal det bli advendt i heimen.