lørdag 28. november 2009

Selbuvottar.

Eit par selbuvottar er under produksjon. Ei av jentene på jobben ville gjerne ha eit par. Og snill som eg er....
I midlertid lærer jenta no å strikke, store tovavottar...
Dette er verkelig moro...

Ha ei fin helg, og kos dere i adventstida !!

onsdag 25. november 2009

Strikkesaker....

Så er eg tilbake, og no med kamra. Har hatt problemer med å få kopiert bilder, då det er sperre og "brann-murar" på det meste her på jobben. Av og til føler eg at det må vere lettare å bryte seg inn i Norges Bank. No har eg fått låne eit jobb-kamera av stuerten, snille mannen... At det er første gongen eg fotograferar med speilrefleks, snakkar vi ikkje om..

"No ser du her, og trykker der, så går det så greit så.."

Ikkje har eg fått tilgang til alle program enno, heller.. Som før skrevet, ting tar tid.




Men strikka har eg. Denne gensaren er produsert av berre Sandnes Falk,s strikkegarn. Dei som er innom her av og til, vil nok kjenne igjenn fargane etter 3 OL-gensare. Litt eldre nøster av ulike størrelsar er også gått med... Greit å få vekk restar. Dette blir nok ein basar gensar, påbegynt på reisa til Trondheim for 14 dagar sidan.
At eg var så ivrig i den nye jobben at eg kom eit døgn for tidlig, er heller ikkje noko å snakke om. Det viktigaste var at eg hadde med strikketøy til ein kjedelig hotell-dag, og at sola stråla over byen..

Litt sokkar er også under arbeid, samt vottar .. Jul snart, men kansje kjem dei på bloggen før den tid.
Og om nokon lurer, enno ei veke til eg skal heim. Lang tur dette, men ekstra opplæring, ting og tang. No føler at det er heilt ok, stortrives..

Ha ei fin veke, alle der ute...

tirsdag 17. november 2009

Haltenbanken

Så er eg tilbake, vel innstalert på ny rigg. Og kven kan ikkje trivast her, like vakkert inne som ute. Kom ombord torsdag ettermiddag, og sidan har dagane fløyet. Nye folk, mange inntrykk skal fordøyast. Og då riggen er mykje større enn den forrige, er det mange ting som også er ansleis, sjølv om stillingen er den same.
Eg kjenner allerede at dette er ein plass eg vil trivast. Og hobbyrommet er stort og velutstyrt. Strikkepinnar og heklekrokane er stadig i bruk. Nett no er det tova julegaver som er i skuddet.

Med dette vakre bilde frå Haltenbanken, tatt i ettermiddag, ynskjer eg dykk alle ei fin veke.

mandag 9. november 2009

Ny jobb og, nye kollegaer....

I dag startar ei ny epoke i arbeidslivet. Eg reiser til Trondheim og møter nye arbeidskollegaer. Nokon få kjente, dei fleste berre eit navn og nummer i mengden.

Etter nesten 6 år på ein rigg med ca. 170 sengeplassar, skal eg no styre reinhaldet på oljeriggen med dobbel så stor kapasitet. Skrekk og gru...

I snart 24 år i "olja" så veit eg nesten både kva eg kan forvente, kreve, og oppleve.
Gleder meg enormt, treffe nye mennesker, få nye venner, kansje utvikle meg litt på arbeidsfronten. Jobben er nok den samme som eg har hatt, berre omgivelsane er nye. I eit miljø der ein lever ilag i alle døgnets timar over 14 dager, må alle gjere sitt beste for å få ein flott arbeidsdag, og ei fin fritid.

Mange spør om handa no er god att. Ja, stort sett, treng berre å trene opp att styrken. Føler at eg er på god veg der, strikkepinnar kan anbefalast på det sterkaste etter skader/brudd.

Om eg ikkje skulle treffe på "sjuke svin" eller anna styggedom, er eg tilbake i heimen om vel 3 veker. Det tek tid å bli kjent, finne fram etc.

No har dei nok data i sjøen og, men kan ikkje love noko reisebrev med det første. Her skal ein ha ekstra tilgang, være tilkobla både ditt og datt. Dei som skrik høgast, og er mest betydningsfulle kjem fremst i køa... Der som ellers.

Med desse vakre haustfargane ynskjer eg alle bloggare fortsatt fin haust. Sjølv om jula nærmar seg, huks å slapp litt av i kvardagen. Ta vare på deg sjølv og kvarandre....

Ha nokre flotte veker !

søndag 8. november 2009

No kan vinteren komme....

No har eg vert på hytta og iverksatt diverse aktivitetar for å bjerge hus og heim.



50 stk løkar er komt i jorda.



Rosetrær, bærbusker og anna "småvekst" har fått stell og kjærlig pleie kring røtter og leggar.


Alle varmovnar passar på at inneklima er nett passe. Strøm på vannslangen så ikkje frosten tek overhand. Hagemøblar og alt anna laust er for lengst komt i hus. Her ute ved havet kan værgudane ruske skikkelig til om ein ikkje tek været på alvor.

Ikkje er det lett å komme på hytta å sjekke når stormen tek laus, heller....


Så då får ein vere forbredt, tenkje det verste og håpe det beste.


Måtte vi få ein mild og fin vinter, med berre litt snø i julehelga !


mandag 2. november 2009

Frå bruktbutikken....

Der kan ein finne mykje rart, både nyttig, og heller ganske unyttig. Men ein form for magisk tiltrekningskraft har dei...
Ved siste besøket var det kleshengare til kr. 1,- pr. stykk. Av den gamle, og heilt sikkert, ganske ubrukelige sorten. Klærene får nesten ufasong.
Men så morsomme å strikke trekk til. Her er det mykje gamle minner. I min barndom kunne ein vinne slike på bygdabasaren, og det er dit desse skal til sommaren.
Eg strikkar med restar av ull brodergarn. Dette er einaste plassen eg ser å kunne nytte desse restane, og alt går etter innfallsmetoden.

Denne nøstemaskina vart også med heim frå butikken, kr. 20,- takk. Den blei nøye studert ved kassaapperatet, har ein mistanke om at dama bak disken ikkje heilt viste kva ho selde. Men som den lykkelige kjøpar er eg veldig fornøgd.