onsdag 25. november 2009

Strikkesaker....

Så er eg tilbake, og no med kamra. Har hatt problemer med å få kopiert bilder, då det er sperre og "brann-murar" på det meste her på jobben. Av og til føler eg at det må vere lettare å bryte seg inn i Norges Bank. No har eg fått låne eit jobb-kamera av stuerten, snille mannen... At det er første gongen eg fotograferar med speilrefleks, snakkar vi ikkje om..

"No ser du her, og trykker der, så går det så greit så.."

Ikkje har eg fått tilgang til alle program enno, heller.. Som før skrevet, ting tar tid.




Men strikka har eg. Denne gensaren er produsert av berre Sandnes Falk,s strikkegarn. Dei som er innom her av og til, vil nok kjenne igjenn fargane etter 3 OL-gensare. Litt eldre nøster av ulike størrelsar er også gått med... Greit å få vekk restar. Dette blir nok ein basar gensar, påbegynt på reisa til Trondheim for 14 dagar sidan.
At eg var så ivrig i den nye jobben at eg kom eit døgn for tidlig, er heller ikkje noko å snakke om. Det viktigaste var at eg hadde med strikketøy til ein kjedelig hotell-dag, og at sola stråla over byen..

Litt sokkar er også under arbeid, samt vottar .. Jul snart, men kansje kjem dei på bloggen før den tid.
Og om nokon lurer, enno ei veke til eg skal heim. Lang tur dette, men ekstra opplæring, ting og tang. No føler at det er heilt ok, stortrives..

Ha ei fin veke, alle der ute...

8 kommentarer:

karna sa...

Kjempekoselig å høre fra deg, du er ei tøff dame/jinte ,-) Speirefleks og digital, jeg bare måper!! Knips i veg, og kos deg!

Elins Strikkeri sa...

Dette ser ut til å verte ein flott genser, ja det er kjekt å få vekk litt restegarn!! Fint å høre at du trivest i den nye jobben, ha det fortsatt fint:))

Bea sa...

Skikkelig flott restegenser! Veldig kjekt å høyre at du trives.. (Ein dag fortidleg, kva gjer vel det.. hahaha!)

Kos deg med hyggelege kollegaer og strikketøy! Glad i deg óg :D

Bea sa...

ps: eg har henta jobbjulegåva di på posten og henta inn resten av det som var i postkassa.. Skal sjå om eg hugser å legge av julecd'en, den ligg i bilen ;)

Gamleheksa sa...

Godt å se at det står til liv og at du trives. En hel dag ekstra i Tr.heim hørtes koselig ut synes jeg. det ønsker jeg meg også, men så er det yndlingsbyen da :)

Kjempefin genser. Det må da bli en veldig flott basargevinst. Jammen er du snill. Fortsatt godt opphold der ute, med hodet over vannet.

Linda sa...

So fin reste gensar du har strikka. Jammen lurt å bruke opp restane.

Turid sa...

I mange tilfeller er restegarns genserene like så fine som design genserene.
Flott å høre at du har funnet deg til rette på jobben-overivrig og en dag for tidlig i en sååå flott by , hva har vel det å si?
Ha ei flott adventshelg!

Jorunn's hobby sa...

Dette blir en fin genser!