søndag 10. juni 2012

Sommertopp i Svale


Denne sommertoppen blei ferdig no tidlig på våren. Den er strikka i Svale, ein blanding med bomull, vikose og silke. Eit skikkelig flott garn å strikke med, og behagelig å ha på kroppen. Den er til meg sjølv, og eg er godt fornøgd med resultatet...

fredag 8. juni 2012

Kakebord til helga....


No i desse streiketider er det ingen ting som er normalt...  Eg er på jobb i havet, og vi merker streiken godt her også. Merkelig stille på helikopterdekk, liten trafikk...
Heldevis streiker ikkje vår suverene baker Jane. Gode kaker har ho alltid, dette er nok frå tidligare, kansje påske. Til helga skal vi kose oss att, og håpe på at det meste er ok over helga...  Vi vil så gjerne heim, vi to, og fleire med oss.
  
God helg til alle blogg-vener!

søndag 3. juni 2012

Bursdagsgave...

Når man er så heldig å ha ei handarbeidsintresert datter, då kan det mest spennande bli til gaver.  Når den samme jenta jobber på strikkebutikken, då må det berre bli full klaff. Dette flotte strikkepinne-etuiet med pinner i alverdens utgaver, var årets bursdagsgave, og mor blei aldri så lite taus eit øyeblikk.

Har ikkje fått prøvd dei enno, men det ordner seg straks.....

Takk skal du ha, jenta mi......