tirsdag 28. april 2009

Gaver

Då eg kom heim frå jobb i går, hadde postmannen vært her med pakkepost. Eit nøste Opal i vårens fargar, og ein pose blåbærte som virkelig smakte . Inne i nøste fann eg eit nydeligt glasshjerte, hjertelig takk til Gamleheksa som var avsender.

I dag har eg streva med sjølvmeldinga. Brott står naboen i døra, han som har runda 92. Om eg vil ha eit nybakt brød, og det er klart at det takkar eg ikkje nei til. Dette er ikkje noko "pose-ferdige" greier... Mannen har si eiga oppskrift, og brøda er rett og slett nydelige.
I morgon reiser eg på hytta, med i sekken blir det heimbakt, blåbærte og ei mengd trådnøster.. Heim at kjem eg når eg treng påfyll av eit eller anna....
Ha ei fin veke alle saman, måtte kvar enkelt ha like fine dagar som eg..

onsdag 22. april 2009

Barndommen.


Frå Gamleheksa har eg fått ein artig utfordring. Artig fordi kontrastane frå hennar og min oppvekst er ganske stor, til tross for at eg trur vi er ganske like i alder.

Eg kom til verda ein vårdag i -53, lengst yst i havet på Vestlandet. Nærmast som ein liten spurv, til tross for at eg var fullbåren. Grunnen var nok mor, ho spydde frå først til sist då ho gjekk med meg. Det einaste eg hadde fått rikelig av var hår. Det seiast at eg fikk sløyfe i håret på klinikken.

Oppveksten var på eit lite gardsbruk, med ein far som i periodar i heile oppveksten var bortreist i anna arbeid. Ein oppvekst der leik og plikter gjekk hand i hand.. Fikk prøve å kjøyre traktor som 10-åring. Men kan godt hukse at bror min berre var 8 da han byrja. Som 12åring var eg med å melka kyrene på sommarbeite. Og melka bar vi heim i holk. Ein stor til mor og ein mindre til meg. Dette var kl.0700 om morgonen, og i slottonna. Då var far allerede komt på marka og skulle slå og sette opp hes. Å lære å hesje, det var så tidlig at eg føler at eg alltid har kunna det.. Når slottonna pågikk, var det elste datter i huset som kokte middag og dekka bordet. Og det før eg var 10 år gammal. Dette var før vi hadde frys og kjøleskap. Slik eg huksar hadde vi oftast fisk, poteter og melkesuppe desse vekene.
I same huset bodde også farmor og ei gamal tante av far. Desse to hadde eigen husholdning, ei på loftet og ei nede. I andre enden levde vi, mine foreldre, ein eldre bror og to yngre søstre. Farmor hadde telegrafstasjon i heile min barndom. Så telefon var det i huset, men den skulle ikkje brukast i utide..

Mor sydde og strikka stort sett alt av klede. Eg har mange minner om når eg stod på kjøkenkrakken og blei målt opp og ned, fram og tilbake. Og slik som knappenålene stakk når kleda skulle passast på... Det første fotografiet som finnes av meg, må være i matroskjole som 5-åring før vi gikk på 17-mai feiring. Eg var mest opptatt med at eg ikkje hadde fått hue til, slik bror min hadde. Eg fekk seinare, den var vistnok raud, men det kan eg ikkje hukse.

Når kleda skulle vaskast, vart det fyrt i gruva i kjellaren. Opp på der stod "verdens største" koparkjele. Berre kalt vann i springen, og heimlaga såpe. Det var også her mor vaska tarm og vom etter slakt. Vi skulle lage blodpølse og mårpølse. Dette var arbeid som vi tidlig var med på. Eg kan også renske skarv og alke, det var ofte eg og bror min som fikk det arbeidet. Ein møkkajobb, men du verden så godt når det kom på middagsbordet.

Fotoapperat hadde vi ikkje i heimen då eg var liten. Å reise til fotograf tok ein heil dag med båt, det gjorde man ikkje i utide. Men bror min finnes det eit flott babybilde av, men han var då eldst og gut...

Ikkje hadde eg så mange leikar heller. Kan erindre ei tøydokke med kjøpeansikt. Skikkelig dokke fikk eg ikkje før eg var 6 år. Men då fikk eg Annedokke, kansje mest fordi pappa ikkje hadde betre vit. Sykkel var det ikkje på garden, eg fikk min første etter at eg var voksen.

Ved sjukdom der ein måtte til spesialist, måtte vi reise til by,n (Bergen). Eg hadde vert der som 5-åring, og blei vettskremt. Då eg skulle av stad eit år seinare, fikk far oppgava som reisefølje. Og ordre frå mor om å kjøpe skikkelig dokke til meg og søstra mi. Så då kom dokka i hus, med raud fløyelskjole og flotte krøller. Den lever enno, er litt skadeskutt og sit mest til stas.

Men dokker vart aldri heilt min intresse. Då var det mykje gildare å leike indianer eller sjørøver.. Dokkeklær derimot, det var moro. Eg byrja strikke i 5-6 årsalderen, seinare fikk eg prøve meg på symaskina. Og bøker, som var lite av i heimen, det var det flottaste ... Heldevis hadde vi eit godt bibliotek på den vesle barneskulen. Og det var ikkje mange som bar slike mengder bøker med heim som eg.

Feriane var alltid heim til mormor og morfar. Det var ein times tid inn fjorden med motorbåt. Som liten i lag med familien, etter kvart fikk vi borna reise åleine. Dette var årets høgdepunkt. Der var det søskenebarn å leike med, og egg til frukost kvar dag. Til tross for at eg er oppvaksen på gard, høns ville pappa aldri ha i hus.

Skulen var 3-delt, med undervisning anna kvar dag dei første 3 åra. Lærarinna vi hadde i 1.klasse ødela skulegleda for mange små i fleire år framover. Når eg var over den kneika, var det lesing og skriving som opptok meg mest. I min barndom var det 7-årig skule. Mange lærara som kom og gjekk, ofte studentar. Men noko må vi då ha lært, vi kom oss vidare i livet alle..

Mi vidare fær bar til fastlandet, og hybel. Enno ikkje konfirmert skulle vi greie oss sjølve frå søndags kveld til neste lørdag. Skjøner ikkje at foreldra torde, men dei hadde nok ikkje noko valg. Og dei fleste greidde dette også greit, med litt slekt eller eldre søsken som støtte.

Erindringane er mange og foto,ane få. I ettertid så trur eg at det å måtte ta ansvar og bli stilt til ansvar, gjer noko med oss. Også det å kunne vekse opp med eldre i nærheita, er ein gode som mange barn i dag desverre ikkje har. Eit bestmorfang er verdifult..

Eg sender ikkje denne utfordringa vidare. Men føler nokon for det, så er det lov å mimre..

mandag 20. april 2009

Flyborne trådnøster.

Å handle kvalitet, når ein er ute å reiser, kan gå greit om ein berre forstår språket. Då mitt kinesiske ordforråd er ganske magert, vart det både komikk og latter då eg ville handle tråd. Når eg endelig hadde fått dama til å skjønne at det var trådnøster eg ville ha, og ikkje ferdige plagg, var mykje gjort.
Kvalitet og fargeutvalg var stort, pakka pent i øskjer. At dette var reint, ny ull var det einaste eg skjønte. Men øskja var avbilda med ein flott sau, så då er det i alle fall ikkje kamel...

Desse trådnøsta vart selde på vekt. Er ein blanding av bomull og silke. Kjempefin kvalitet. Der borte i øst blei det brukt til hekling, strikking og veving. Garnet er ikkje tvinna.... Eg vil prøve å hekle skjerf. Ser for meg at det må bli både spennande og spesielt. Karen som selde dette snakka litt engelsk (omtrent som meg) så vi hadde ein flott dialog.


torsdag 16. april 2009

Du store Kinesar

for ein opplevelse. Vel heime att etter 12 dagar i Kina, prøver eg å sortere inntrykka. Her er kontrastane like store som avstanden mellom vesle Norge og det enorme landet i øst.

Med på denne reisa fikk eg ny dagbok av min datter. Ho ville forsikre seg om at mor fikk med seg mest mulig...

Men her kunne heile reisa ha stranda, med returbilett heim. Ved visumkontrollen i Shanghai viste det seg at det var feil datoer på visumsøknaden til heile gruppa. Med natt, og helg i "gamlelandet" tok dette tid. Etter ein time blei det kunngjort at dei skulle prøve å hjelpe oss. Då fikk vi ei fl.vann kvar. Etter to nye timar blei vi servert hamburger og cola. 5 timar tok det å få papira i orden..... no veit eg korleis asylsøkjarar føler seg på feil side av grensa..

Frukostane var stort sett internasjonale, og takk for det... med fiske/froske-oppdrett i hagen og ein mengd ukjente grønnsaker, blei måltida ganske uvanlige. Stort sett gikk det greit, men alt smakte ikkje like godt.

Kvakk-kvakk....



Ei veldig enkel hytte med seng og plass til dei mindre dyra. Her bodde gjetarane som paste på rismarkene. Vannbøffel som prøvde å rasere åkrane var eit stort problem.

Gjestane frå Norge hadde betre standard, sjølv om ikkje alle hotell var som dette. Ein plass fikk vi hengelås på døra. Dopapir måtte vi stort sett ordne oss med sjølve...

Turistbåtar som gikk opp Li-elva frå Guilin til Yangshuo. Ein stor opplevelse, men ein del tåke og regn som ødela litt for fotograferinga. 4 timar tok turen..

Stadig vart vi praia av unge gutar på sine enkle farkost. Dei gjorde sitt beste for å få solgt "ting og tang" til turistane. Her må ein livberge seg som best ein kan..


Her, på bakplassen, står oppvasken til ein finare resturant vi var innom. Dette såg vi ikkje før vi skulle gå..

Den same resturanten hadde nydeligt porselen, men skar og sprekk var det i alt. Og slik var det stort sett over alt...


Desse traktor/lastebilane var stadig i bruk. Ofte overleste slik at ein knapt nok såg føraren og hjula.

Medan flypassasjerane kunne forlate Pudong Airport med tog i 431km i timen.

Naturen var imponerande og fantastisk flott. Enten vi hadde 25 varmegrader, eller lyn/torden og regn som "bøtta" ned. Aldri har eg opplevd så kraftigte nedbørsmengder nokon gong....... etter ein halvtime skein sola att, og alt var berre glede.


Desse tre søte små traff eg på i ein liten landsby langt opp i fjella. Her var levevilkåra enkle og vanskelige for mange familiar. Jentene var smilande, og tok kjapt oppstilling og lot oss forstå at dei ville fotograferast. Likeeins gjorde dei krav på å få sjå bileta etterpå.
Sjølv om kineserane enno har ein lav levestandard, verkar det likevel som eit lykkelig folkeslag.
Turen har gjort eit stort inntrykk, og kan sterkt anbefalast på det varmaste.














fredag 3. april 2009

God Påske

Min gamle nabo, fyller 92 år i påska. I kveld skal vi feire litt, sidan vi er bortreist på dagen. Han holder vin, og naboane blomar. Man skal pleie godt naboskap...

Sjølv reiser eg på ferie i morgon. Turen går til Kina. Dette blir spennande, har aldri reist til østen før. Er kansje mest spendt på maten, ei veninne har trøsta med at ein får ikkje slangar. Det er nemlig altfor dyrt og spesielt til vanlige turistar.

På handarbeids-fronten er det ikkje noko nytt, bortsett for at no er gensaren ferdig til levering. Denne gangen blei mønsteret brodert på til slutt. Ikkje att det var noko enklare enn å strikke det på, men eg ville forsøke.
Ønsker alle ei fin påske. Ta vare på kvarandre, enten dere er på ski eller badeferie.
Bruk rikelig solkrem, nyt appelsinene og ta søpla med heim att..