onsdag 22. april 2009

Barndommen.


Frå Gamleheksa har eg fått ein artig utfordring. Artig fordi kontrastane frå hennar og min oppvekst er ganske stor, til tross for at eg trur vi er ganske like i alder.

Eg kom til verda ein vårdag i -53, lengst yst i havet på Vestlandet. Nærmast som ein liten spurv, til tross for at eg var fullbåren. Grunnen var nok mor, ho spydde frå først til sist då ho gjekk med meg. Det einaste eg hadde fått rikelig av var hår. Det seiast at eg fikk sløyfe i håret på klinikken.

Oppveksten var på eit lite gardsbruk, med ein far som i periodar i heile oppveksten var bortreist i anna arbeid. Ein oppvekst der leik og plikter gjekk hand i hand.. Fikk prøve å kjøyre traktor som 10-åring. Men kan godt hukse at bror min berre var 8 da han byrja. Som 12åring var eg med å melka kyrene på sommarbeite. Og melka bar vi heim i holk. Ein stor til mor og ein mindre til meg. Dette var kl.0700 om morgonen, og i slottonna. Då var far allerede komt på marka og skulle slå og sette opp hes. Å lære å hesje, det var så tidlig at eg føler at eg alltid har kunna det.. Når slottonna pågikk, var det elste datter i huset som kokte middag og dekka bordet. Og det før eg var 10 år gammal. Dette var før vi hadde frys og kjøleskap. Slik eg huksar hadde vi oftast fisk, poteter og melkesuppe desse vekene.
I same huset bodde også farmor og ei gamal tante av far. Desse to hadde eigen husholdning, ei på loftet og ei nede. I andre enden levde vi, mine foreldre, ein eldre bror og to yngre søstre. Farmor hadde telegrafstasjon i heile min barndom. Så telefon var det i huset, men den skulle ikkje brukast i utide..

Mor sydde og strikka stort sett alt av klede. Eg har mange minner om når eg stod på kjøkenkrakken og blei målt opp og ned, fram og tilbake. Og slik som knappenålene stakk når kleda skulle passast på... Det første fotografiet som finnes av meg, må være i matroskjole som 5-åring før vi gikk på 17-mai feiring. Eg var mest opptatt med at eg ikkje hadde fått hue til, slik bror min hadde. Eg fekk seinare, den var vistnok raud, men det kan eg ikkje hukse.

Når kleda skulle vaskast, vart det fyrt i gruva i kjellaren. Opp på der stod "verdens største" koparkjele. Berre kalt vann i springen, og heimlaga såpe. Det var også her mor vaska tarm og vom etter slakt. Vi skulle lage blodpølse og mårpølse. Dette var arbeid som vi tidlig var med på. Eg kan også renske skarv og alke, det var ofte eg og bror min som fikk det arbeidet. Ein møkkajobb, men du verden så godt når det kom på middagsbordet.

Fotoapperat hadde vi ikkje i heimen då eg var liten. Å reise til fotograf tok ein heil dag med båt, det gjorde man ikkje i utide. Men bror min finnes det eit flott babybilde av, men han var då eldst og gut...

Ikkje hadde eg så mange leikar heller. Kan erindre ei tøydokke med kjøpeansikt. Skikkelig dokke fikk eg ikkje før eg var 6 år. Men då fikk eg Annedokke, kansje mest fordi pappa ikkje hadde betre vit. Sykkel var det ikkje på garden, eg fikk min første etter at eg var voksen.

Ved sjukdom der ein måtte til spesialist, måtte vi reise til by,n (Bergen). Eg hadde vert der som 5-åring, og blei vettskremt. Då eg skulle av stad eit år seinare, fikk far oppgava som reisefølje. Og ordre frå mor om å kjøpe skikkelig dokke til meg og søstra mi. Så då kom dokka i hus, med raud fløyelskjole og flotte krøller. Den lever enno, er litt skadeskutt og sit mest til stas.

Men dokker vart aldri heilt min intresse. Då var det mykje gildare å leike indianer eller sjørøver.. Dokkeklær derimot, det var moro. Eg byrja strikke i 5-6 årsalderen, seinare fikk eg prøve meg på symaskina. Og bøker, som var lite av i heimen, det var det flottaste ... Heldevis hadde vi eit godt bibliotek på den vesle barneskulen. Og det var ikkje mange som bar slike mengder bøker med heim som eg.

Feriane var alltid heim til mormor og morfar. Det var ein times tid inn fjorden med motorbåt. Som liten i lag med familien, etter kvart fikk vi borna reise åleine. Dette var årets høgdepunkt. Der var det søskenebarn å leike med, og egg til frukost kvar dag. Til tross for at eg er oppvaksen på gard, høns ville pappa aldri ha i hus.

Skulen var 3-delt, med undervisning anna kvar dag dei første 3 åra. Lærarinna vi hadde i 1.klasse ødela skulegleda for mange små i fleire år framover. Når eg var over den kneika, var det lesing og skriving som opptok meg mest. I min barndom var det 7-årig skule. Mange lærara som kom og gjekk, ofte studentar. Men noko må vi då ha lært, vi kom oss vidare i livet alle..

Mi vidare fær bar til fastlandet, og hybel. Enno ikkje konfirmert skulle vi greie oss sjølve frå søndags kveld til neste lørdag. Skjøner ikkje at foreldra torde, men dei hadde nok ikkje noko valg. Og dei fleste greidde dette også greit, med litt slekt eller eldre søsken som støtte.

Erindringane er mange og foto,ane få. I ettertid så trur eg at det å måtte ta ansvar og bli stilt til ansvar, gjer noko med oss. Også det å kunne vekse opp med eldre i nærheita, er ein gode som mange barn i dag desverre ikkje har. Eit bestmorfang er verdifult..

Eg sender ikkje denne utfordringa vidare. Men føler nokon for det, så er det lov å mimre..

4 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Du verden for et flott innlegg!!! Jeg visste nok hva jeg gjorde da jeg utfordret deg.

Det er artig å se forskjellen fra gard på vestlandet og "villa-frøken" og industriarbeiderdatter østpå. (Det var senere jeg havnet på gård). Dessuten er det 10 års aldersforskjell og det hadde mye å si i disse åra etter krigen.

Det var (nesten da) morsomt å lese at vi begge var til stor bry under svangerskapet, mor spydde også i 9 mnd. Men så fikk de nok noe kjekke døtre da ;)

Takk for at vi fikk dele dette. Det er en tankevekker i dagens bruk og kast-samfunn. En tenker ikke så mye på det selv heller i det daglige, så da er det fint med slike små utfordringer.

silje-sin sa...

Så spennende og flott å lese om din barndom.. Tidene har virkelig forandret seg. På godt og vondt. En virkelig tankevekker ja. Det var nok tøffe tider dengang. Men jeg er sikker på at det ga deg sunne verdier. I dag har vi hatt treårsdag i huset, og stua er full av gaver.. Får nesten dårlig samvittighet. Hvordan skal barna våre lære å sette pris på ting?

Takk for et flott innlegg, og ha en fortsatt god helg! klem fra silje.

marit sa...

Takk for en flott tankevekker! Jeg er 10 år yngre enn deg, oppvokst på småbruk på sørlandet- men hadde ikke på langt nær det ansvaret som du hadde, selv om vi alltid måtte hjelpe til.
Ha en fin vår.

Annepålandet sa...

Dette var spennende lesing! Jeg er åtte år yngre enn deg, og vokste opp på landet med besteforeldre på gård like ved. Selv om jeg ikke hadde så mye ansvar som deg, måtte vi likevel hjelpe til og hadde våre faste plikter fra vi var bitte små. De fleste vennene mine hadde ikke det, men foreldrene mine var strenge. Og er det noe jeg IKKE har hatt vondt av i hvert fall, så er det nettopp det. Alle var en del av fellesskapet, og alles bidrag var viktig, uansett størresle. Dette har dessverre blitt så godt som borte i dag. Jeg tror det var bra for selvfølelsen.

Bloggeland har blitt enda morsommere etter at denne utfordingen begynte å rulle - jeg har lært masse av å lese om hvordan det har vært å vokse opp i by og land, eldst og yngst, fattig og rik osv osv. Spennende!