søndag 18. mars 2012

Bursdagsgutane....

I dag fyller "minstemann" 29 år. Utruleg kor fort tida går. Stor bursdagsklem går over havet og til Canada. Mor saknar deg, men snart er det sommar og då er eg der...

Den elste av dei små fyller også år, heile 11! Bursdagsklem til Fredrikstad også... farmor saknar deg og, skal nok ringe før dagen er over...




Alle dere andre, ha ein fin søndag!

onsdag 14. mars 2012

Tova tøfler...

Tova tøfler er tingen når det er vinterferie og tur til fjells. Ein av gutta på jobben ville gjerne ha tøfler til heile familien som skulle ha bobilen som samlingspunkt. Og det er klart han måtte få.. Fargane har han plukka ut sjølv, ikkje noko krangling om "kven sitt, og kva".... Kjapt å strikke, dette er nett det ein rekk på 2 veker i Nordsjøen.

Strikka i Fritidsgarn frå Sandnes, 2 runder i vaskemaskina på 60gr. og ein desj grønsåpe.



tirsdag 6. mars 2012

Prinsessegensar...

Prinsessegensar, strikka i Sisu frå Sandnes. Oppskrifta fann eg i eit ukeblad på jobben, og så blei det jobbstrikk. Har ikkje noko eigar enno, men det kjem nok....



God helg.. frå havet!

Tyrkia

På vandring ned Kapuz Cay-dalen



" Bomullsslottet" i Pamukkale



Over elvestryk..



Perge, den antikke byen frå Romertida..



Gamle handverkstradisjoner..


Etter å ha komt heim frå ei vekes ferie-tur, er det på tide å sotere bilder og inntrykk. Dette var ein vandringstur, med flotte naturopplevelsar, mykje kultur og litt shopping. Værgudane var med oss dei fleste dagane. Når dei store medbørsmengdene kom på slutten av veka, var det liksom heilt normalt for to sunnfjordingar..









lørdag 3. mars 2012

Prince Gavin



Princen er født "over there", og er allerede blitt over 14 dager. Eit lite under på knapt 3 kg som farmor gleder seg stort til å møte i sommer.

I mellomtida blir det meir babystrikking, enten "slik eller sånn", eller kansje begge deler..


Ha ei flott helg!