lørdag 27. februar 2010

Farmor i sitt ess....

Kvit farmor-dress, strikka for 9 år sidan. Arv frå storebror til den nye prinsen...

Klær som er vaska og stelte. Klar til pakking.

Søte små plagg som vekker minner...


Bitte liten genser som har fått ny halslinning..



Vogna ned frå loftet, har fått nye hjul .God som ny...
Som dere må forstå, farmor skal bli farmor igjenn. Og Farmor,s gromgut skal bli storebror til ein liten bror..
Då gromguten vart fødd bodde familien i nærmiljøet. No er dei forlengst blitt østlendinger. Alt dette spebarnsutstyret har vert lagra her, og farmor mista kansje etterkvart håpet om at det skulle bli brukt att. Enno er det litt tid før prinsen kjem, først skal storebror feire sin bursdag. Og farmor skal fly over fjella med bursdagsgaver, og utstyr til den lille prinsen.




torsdag 25. februar 2010

Isskrape-vottar og tova sokkar...

Slik vintaren no eingong har blitt, er det greit å vere godt skodd i dei fleste situasjonar. Her er tova isskrape-vottar og sokkar/tøflar. Om ikkje kulden tek heilt overhand, blir dette julegaver... Ute i god tid, ja.... men det var ikkje lett å få fatt i isskrapa.
Garnet er Fritidsgarn på pinnar nr. 6

mandag 22. februar 2010

Meir dokkeklær..

Nye sokkar på små føter...


Gul selebukse, gensaren kjem seinare..

Undertøy-sett..

Alt er strikka i restegarn, og har verken navn eller nummer. Brukar oppskrift frå div. ukeblad. Dei elste er over 30 år gamle, frå den tida husets datter var lita. Har også brukt Målfrid Gausel,s : Babystrikk til dukken. Den er fin, men litt store str. til dokka mi, så eg må forminske litt.



lørdag 20. februar 2010

Oh.. med nasa såvidt over dynekanten,

er eg ferdig med jobb-turen for denne gong. Med kraftig omg.sykje blei eg ilandsendt sist mandag i karantene på hotell. Slikt er ingen spøk i eit kompakt miljø, og bedriftslegen viser ingen nåde (og vi var fleire i samme selskap). Retur på onsdags kveld, i fin form...
Men kor lenge var Eva i Paradis ? Nettopp.... så no er eg heimkomt, er på betringens vei og ser lyst på livet..
Vi tek då gull, eg prøver strikke litt, har fått tilsendt trådnøster frå Bergen, og sola skin.

No er barnehua ferdig, det grønne var den siste biten eg mangla..

Basar-dokka har fått nye klær, hue, vottar og poncho frå Nordsjøen. Har kansje tråd nok til sokkar også. Ser litt naken ut på beina.

Korterma sommergensar i bomull.



fredag 12. februar 2010

Pledd

Restepleddet er no ferdig, og skal brukast på lugaren på jobb. Der kan trøtte og "hutrige " renholdsledere finne roen, få at varmen, og kose seg så best ein kan ei lita kveldsstund...

God helg til alle på fastlandet !

mandag 8. februar 2010

Julegave...

Eg veit nok at det er litt tidlig å snakke om julegavene, men eg driv med opprydding (garnslanking). Dette er siste ukes produkt, litt Juvel og litt Falk. Str. 3 år.
Falk sine farger er utgått, og eg manglar litt til hua. Har no ei veninne som rydder, ho har også i si tid kjøpt tråden i nordsjøen.... så får vi sjå... det ordner seg nok.

onsdag 3. februar 2010

Fleire sokkar...

Dette er bursdags-sokkar. Herresokkane har vert ferdig lenge, veldig lenge... No er damesokkane også klare, begge para skal i same heimen. Desse er strikka i Sandnes Falk. Ikkje akkurat slitesterkt sokkegarn, difor er det forsterkningsgarn i hæl og tå.