onsdag 30. mars 2011

Demostrasjonen i London

Den våkne og kjappe leser har nok stussa litt over "studentopprøret" mitt i forrige innlegg. Og det med rette, studentopprør i London, det var i fjord haust. Lørdag var det demostrasjon mot regeringas kraftige sparetiltak. Her deltok over 500000 personer, i alle aldre, og frå alle samfunnslag. Men hærverket om kvelden, det trur eg nok ungdommen må ta ansvaret for, slik vi opplevde det... Heldevis vart ingen alvorlig skada.

tirsdag 29. mars 2011

Vår

Ei langhelg i London når det vårast er heilt topp. Og her var våren virkelig komt. På spasertur gjennom Hyde Park med søster og datter. Vinter og snøslaps er eit ukjent begrep, nett no. Og medan studenten var opptatt med sitt, fekk vi handla, vært turister, spist ute fleire måltider kvar dag. Vi hadde full kontroll på minibanker, turistbusser, studentopprør, og litt slitne føter.. Dette var virkelig heilt topp, og må gjentakast ein gong.. Lite strikking blei det, men det kjem tilbake i sterkare grad no etter heimkomst. For ute er det snø og kulde... Ha ei fin veke, alle saman...

onsdag 16. mars 2011

Toving

Vel heime att, og opptelling på jobb-periodens innsats på fritida. Nokre kaffipauser er nok også tatt i bruk. Her er det 2 par votter og 3 par tøfler ferdig.

2 par tøfler ferdig til toving..
Alt strikka i Sandnes Fritidsgarn.

torsdag 10. mars 2011

Draumar...

Er noko som går og kjem. Det gjer vistnok den norske vinteren også. Medan biltrafikken strever seg gjennom snørike veier, og skipstrafikken stampar i tung sjø opp og ned langs kysten, sit eg her langt til havs og lurer på når neste helikopter er i lufta. Onsdag skulle eg ha reist heim, men står over i mangel på folk. I fire dager har det vært lite eller ingen trafikk, vi begynner å bli litt utolmodige. Heldevis er det berre ein som styrer veiret, så dette blir det ingen krangel om...

Tre skikkelige stormar (les:orkan i kasta..) har eg hatt på desse 15 dagane.
I dag vakna vi til blå himmel og flott sol. Men kva hjelper det når det er snøkaos langs kysten. To skipslaster med proviant har vert sterkt forsinka, men kokkane har god fantasi, og maten er alltid like nydelig. Gjestane skjøner ikkje at vi mangler noko før det er slutt på melka.... Og ikkje kan vi ha kyr på beite her heller, melkerampa (proviantdekk) er full av snø!

For kvar dag som går er det fleire og fleire på venteliste til heimreisa... og fleire og fleire køyskift i håp om at folk kjem seg i veg.

Trøsta er at det er mykje verre for dei som sit på eit hotell og ventar på utreisa. Det er kjedelig det... og ingen ting å ta seg til... Dessutan er det godt betalt for å jobbe over, og dei pengane kan med god samvit brukast til små og store draumar, der sola skin..

mandag 7. mars 2011

Ung Husflid

Eg er med på ung Husflid, ein barneavd. under Husflidslaget. Her prøver vi å få fram borna sine kreative sider. Denne kvelden var det kort på pogrammet. Neste gang skal vi strikke.

Det er alltid like moro å sjå kva ungane kan få til...

tirsdag 1. mars 2011

Spiralsokkar..

Babyull er for tynt til lappetepper. Har laga nokre par spiralsokker som eg "lurer" med teppet. Får heilt sikker ein tilbakemelding om dette er noko som det er intresse for. Desse er så små at dei er tiltenkt baby,ar.