tirsdag 26. februar 2013

Gavin Alexander

 
Farmors lille Prince, over there, har nett fylt eit år. Her avbilda i strikkedressen som han fikk til jul. Det er sårt å bu så langt unna, men farmor planlegg ny tur til Canada i løpet av sommaren..

lørdag 9. februar 2013

Grønn flettegenser

Genser som skal på høstbasaren til Saniteten. Den er strikka fra div. trådnøster fra eit tidligare stort fellesarbeid som Saniteten hadde. Genseren blei fin den, men eg likte ikkje heilt at flettene ikkje gjekk heilt opp. Brått virka den så mykje breiare over skuldrane.

Tråd: Østlandsgarn m/pinnar nr. 4
Størrelse: 4 år

God helg til alle bloggvener !

mandag 4. februar 2013

Liten frøkenkjole..

 
Etter ein lengre sjukdomsperiode, lite tiltakslyst, og den slags, er eg tilbake på bloggen. Det blei ein litt tøff, og ansleis start på det nye året. No er alt berre sol og glede innomhus, og sol og snøslaps ute...
Litt har eg då fått i orden. Det meste er nok div. prosjekt som er komt fram i dagslys og blitt ferdig.
Denne vesle kjolen har hekla overdel, og strikka "foldeskjørt". Den ser litt komisk ut i overgangen.  Håpar det rettar seg når barnet er påkledd. Ei lita jente er venta om nokre veker, og eg skal bli "gamletante" nok ein gong.

Mønster: Litt etter Bea, og litt sjølvkomponert.
Garn: 2 nøster Trysil babygarn.
Størrelse: 3-9 mnd.