torsdag 29. mai 2008

Tagging.


Eg er blitt tagga av Solveig.


Ting tar tid, men no er eg tilbake i heimen og på bloggen.


Reglane kjem i starten av innlegget. Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv. I slutten av innlegget gir du den vidare til 6 andre personar og fører opp navna. Så går du til bloggane og legg igjen kommentar om at dei er tagga og ber dei lese din blogg. La personen som tagga deg vite når du har lagt inn svar.



1) Kva gjorde du for ti år sidan? Som i dag, jobba i "olja".


2) Kva er 5 ting på å gjere-lista mi i dag? Sortere, hive, pakke i pappkartonger, rydde, nyte sola frå verandaen mellom øktene.

3) Snacks eg liker: Sjokolade........


4) Ting eg ville gjere dersom eg var milliardær (eller billionær): Reise ut i den store verden, og tatt Norge på kryss og tvers når eg kom tilbake. Med slike summar skulle eg ha delt raust med ungane mine, og gitt ein fin pott til Frelsarmeen.


5) Stadar eg har budd: Bergen, Os i Hordaland, Gjøvik, Melhus i Sør-Trøndelag, Sunnmøre.


6) Disse folka vil eg vite meir om: Anne-Berit
Evas univers
Lena


fredag 16. mai 2008

17. MAI

Hipp, Hipp, Hurra for 17.Mai.

Måtte sola skine, og alle der ute rundt omkring i landet få ein flott dag.
Sjøl skal eg feire dagen i havet, muligens for 10.gong.

Dagen starta med flaggheising og sang kl. 0800 på Helikopterdekket, eit lite tog med skramle-orkerster er ute og ruslar i fult verneutstyr litt seinare på dag. Om kvelden blir det tale ved plattformsjef, utdeliga av premie til flottaste kostyme i toget. Kvelden blir avslutta med bingo.

Heile hotell-delen er pynta med friske blomster, komt fra land i dag. Men bjørk er det lite med.

Både til lunch og middag blir det ekstra oppdekking, ingenting manglar ein slik dag.

Hadde eg gløymt is-kremmen, alle får is på dekk etter toget er avslutta.
Og om nokon lurte, ja enkelte pyntar seg i bunad også.



lørdag 10. mai 2008

God som ny....

Denne gyngestolen kjøpte eg for nokre år sidan på bruktbutikken, og den var pent brukt. Då den var utruleg god å sitte i blei bruken deretter. Og slitasjen blei større og større, ikkje nytta det å snu puta til slutt heller.

Ein dag "gullungen" (dattera mi) var innom seier ho så flott: jammen mamma, eg har då så mykje slike møbelstoff-restar liggande. Fått av ei veninne som rydda på jobben. Detmed fikk stolen ein ny vår, midt i beste kyrkjetid ein søndag for litt sida.
Ynskjer alle som er innom ei flott pinse....

mandag 5. mai 2008

Og teksten som mangla....

Av og til er ord og handling ikkje heilt samstemte. Slik her og......

Ei veninne kom innom med gave, og det ei heil veke før tida.... Nydelige roser og ei bok. Merk teksten på boka.. Nå er eg ikkje direkte på slankekur (men burde ha vært), men prøver å legge om kosthaldet til litt sunnare livs-stil.
Ein skal føle seg sikker, og kjenne kvarandre godt før ein gir bort bøker om slanking. Nå er det slik at vi har slått følge i denne kanpen, så tusen takk....
Sidan livet mitt ellers er fylt med pappesker pga. flytting, nyt eg blomster og lesestoff på verandaen.

Gaver


lørdag 3. mai 2008

Ut på tur og ikkje sur...

Lenge sia eg har vert innom no, og alt har si forklaring. Forrige veke var eg på tur oppover kysten til Bodø med Hurtigruta. Dette var eit jobb-seminar, men litt handarbeid blir det alltid tid til.
Vel heime att kom ei søster m/mann på besøk i helga. Ho skal sy bunad til eit lite barnebarn, og då er storesyster god å ha. Trur den små "trulta" skal bli fin, det spørs kor det går med bunaden etter diverse iskremar...

Restegensaren er ferdig, men blei fryktelig rar, sjølv om eg har brukt oppskrift. Tja, oppskrift er vel å overdrive, men den har altså måla både på langs og på tvers. Passar nok best på ein liten "smørbukk" i str. 5-6 år.

På tirsdag var eg på ny Hurtigrute-tur, denne gangen frå Ålesund til Bergen. Mor hadde fått turen med hotell-opphold i Bergen i gave frå alle barna m/familie. Det var 38 år sidan ho sist var i Bergen. Eg var med som reisefølge, og damer på tur har alltid med litt småsysler. Vott nr.2 blei ferdig.


Ønsker alle som er innom ei flott helg.