lørdag 3. mai 2008

Ut på tur og ikkje sur...

Lenge sia eg har vert innom no, og alt har si forklaring. Forrige veke var eg på tur oppover kysten til Bodø med Hurtigruta. Dette var eit jobb-seminar, men litt handarbeid blir det alltid tid til.
Vel heime att kom ei søster m/mann på besøk i helga. Ho skal sy bunad til eit lite barnebarn, og då er storesyster god å ha. Trur den små "trulta" skal bli fin, det spørs kor det går med bunaden etter diverse iskremar...

Restegensaren er ferdig, men blei fryktelig rar, sjølv om eg har brukt oppskrift. Tja, oppskrift er vel å overdrive, men den har altså måla både på langs og på tvers. Passar nok best på ein liten "smørbukk" i str. 5-6 år.

På tirsdag var eg på ny Hurtigrute-tur, denne gangen frå Ålesund til Bergen. Mor hadde fått turen med hotell-opphold i Bergen i gave frå alle barna m/familie. Det var 38 år sidan ho sist var i Bergen. Eg var med som reisefølge, og damer på tur har alltid med litt småsysler. Vott nr.2 blei ferdig.


Ønsker alle som er innom ei flott helg.

4 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Mor gledar seg veldig til 17.mai når trulta skal pynte seg i sunnfjordbunad. Tusen takk for hjelpa.

Anne-Berit sa...

Hei,hei,og takk for hilsen.Så flink du er,strikker og syr.Sikkert kjekt å ha ei søster som kan sånt av og til.Hurtigruteturer er noe jeg ikke har hatt på mange,mange år.Siden vi har hund,blir bilen vårt transportmiddel når vi skal noe sted.Ønsker deg ei flott uke.Klem fra meg:o)

Bea sa...

Genseren vart fin den! :)

LivM sa...

Fin blog du har, er innom og titter på det fine du lager. Ha en fortsatt fin uke!