fredag 29. januar 2010

Strikkeaksjonen...

Gamleheksa har i dag skrevet et nydeligt innlegg på bloggen sin, om min ville og sprøe strikketur. Det er også ho som har æra for logo,en som kjem til å bli brukt litt no i forkant av reisa.
Under reisa blir det reisebrev kvar dag, om ikkje strikkekrampa tek oss..

Men opphavet til mi intresse for desse kvinnene som er mottakere av sokkane, det er Liv. Her er bloggen hennar.
Om det no har vert fokusert veldig på sokker, blir det nok strikka litt vottar, huer og kansje tovatøflar og.

Hjartelig takk til begge to... og god helg til alle dere andre.

torsdag 28. januar 2010

Albania-sokkar og slektsgransking...


Sjølv om eg meiner at eg er eit ganske ryddigt vesen, med brettekantar både her og der, skal det og seiast at enkelte ting har "fløte" litt over i det siste..
Slik er det vel med dei fleste i periodar. Denne veka har gått med til å få sortert utallige skriv, brev og notatar ang. slektsgranskina mi. Og dette tek tid, men er utruleg morsomt. I tillegg til å leite etter forfedre, har eg no prøvd å sotere alle fars søskenebarn og deira etterkommere. Mykje arbeid og mange overraskelser..
Så hadde eg tenkt at eg kunne strikke litt Albania-sokkar om kvelden, foran "tittekassa" og slikt. Sannheita er at kvelden blir natt, og strikkinga.... ein halv sokk på ei veke.
I dag møtte eg ei veninne, av ei veninne som spurte: er det du som strikkar sokkar til damer som frys? kan du ta over noko restegarn.... og eg har takka ja, vi må då ha arbeid på strikketuren til våren..

søndag 24. januar 2010

Tova veske...

Ei ny tova veske er blitt til dei siste dagane. Samme grunnmønster som sist, med litt andre hanker, og valg av tråd. Her er det brukt Funny til kontrast-rendene.. Litt smalare mellom rendene, som er i mørk, og litt lysare lilla. Det var det ikkje så greit å få fram på foto...


Ei dokkehue blei det også tid til under lørdagens nattfilm. Har tatt på meg og strikke klær til ei basardokke. Men når ein brukar innfallsmetoden i staden for mønster, er det ikkje alltid ting blir som ein har tenkt. Og denne vart for stor, det er den minste dokka som skal på basaren...
Skal nok gjere eit nytt forsøk, og eg har mønster....
God veke, alle saman.


onsdag 20. januar 2010

Vintar, uke 3

Dette er utsikten frå pc-pulten min. Og dette er snøen som kom til jul.. Det er mange år sidan snøen har lagt i over 6 veker på desse kantar av landet. Så lenge det ikkje er slapseføre, er den hjertelig velkommen for min del. Alt blir så lyst, reint, og folk trives i skiløyper og akebakkar.
Ha ei fin veke, alle saman...

søndag 17. januar 2010

Strikkeveske til strikketøyet....

Tanken hadde vert der lenge, ville så gjerne ha ei veske til strikketøyet. Lettvint å stappe pinnar og trådnøster i ein plastpose, men slett ikkje like pent. Då ei av jentene på jobben viste fram si, blei eg nesten hekta. Men mønster fantes ikkje, ho hadde fått den i gave. Så var det å prøve å telje, og måle.
Opplegg: 100m Tove frå Sandnes garn. Dobbelt garn og pinnar nr.6.
I kontraststripene: 1 tråd Tove og 1 tråd Chile melert...
Heile tida rillestrikk.
Ferdig mål vart 35 x 45 før toving.

Bretta dobbelt og sydde saman i sidene. Øverst opp plukka eg opp 1 maske i kvar rille, og strikka 5 cm. glattstrikk. Denne rulla eg utover mot retta som ei pølse, og festa .

Strikka så ein lapp, også i riller, ca. 27 x 23 cm. Denne sydde eg fast på innsida til lomme.


Hank: Opplegg 130 m, strikka riller ca. 7cm. Så var det å montere, legge i vaskemaskina, ein desj grønsåpe og håpe det beste...
Hadde det ikkje tatt slik tid, hadde eg kansje sete på krakken foran vaskemaskina i spenning..


Og det gikk kjempebra. Er veldig fornøgd med resultatet, når den er tørr skal den få isatt 2 morsomme knappar og hemper... Tek då ikkje sjangsen på at noko fell ut...




søndag 10. januar 2010

Sokkar, lestar, lobbar......

Kjært barn har mange navn. Slik også her.. Dette er sokkar til stor og små, av restegarn frå heimen, og litt i "tølene" til mor. Det hender eg ryddar (les: rotar) hos ho også.

Dette er produksjonen frå utreisa til jobben i Nyttårshelga, litt på hotellovernatting, og resten etter at eg kom ombord. Og ofte er det slik at sokkar får ein aldri nok av.
Derfor har eg gjort meg nokre tankar om sokkar, kansje eg er både sprø og gal...
Men det passar meg godt, så lenge tanken er god.
Den 7.april reiser eg frå Ålesund med Hurtigruta, opp til Kirkenes og tilbake til Florø. Ei veninne skal være med, også mor hennar, og mor mi. På slike turar skal ein sjå, og oppleve. Men inn i mellom er det greit å rasle litt med strikkepinnane. Og eg vil strikke sokkar til kvinnene i Albania. Liv har tidligare, og vil fortsette å fortelle om desse kvinnene, som så sårt treng gode varme sokkar. Eg har snakka med henne om tankane mine, og fikk god respons..
Tenk om vi kunne hatt strikketur på Hurtigruta. Om andre strikkeglade damer kunne ha vert med lengre, eller kortare turar. Nokon ville kansje berre komme ombord under landligge, ta ein kaffikopp og helse på, og kansje ha med litt restegarn...
Eg veit tanken er sprø, men eg likar litt slike sprøe ting....
Om eg verkelig fikk dette til, så kunne eg sende dagbok kvar dag og fortelle om strikkelivet ombord. Litt opplysningar om vær og vind, og kva havn vi har besøkt, og skal besøke..
Då har eg berre ei lita bøn, slik seint ein søndagskveld.
Kunne alle som er innom spre budskapet på bloggen sin, og oppfordre sine bloggvenner til å spre nyheiten vidare..
Ha ein fin søndagskveld.


mandag 4. januar 2010

Nytt år, og nye muligheter...

GODT NYTT ÅR !!
Så er eg tilbake, både på jobb og i blogglivet... utreise til jobb blei forsinka 2 døgn pga. uvær.
Nyttårakvelden blei tilbrakt på hotell i Molde, åleine, med strikketøy, tv og ein betre middag i spisesalen. Ein ansleis inngang til det nye året, som vil bli huksa..
Men eg lei ikkje noko naud, det vart berre litt spesielt..

På jobb er det full fart, no når kontorer etc. på land er komt i drift att. Men litt godt å vere tilbake i kvardagen att. Jula her ombord er rydda vekk. Prøver å ikkje tenkje på juletre og denslags som møter meg når eg kjem heim att..

På strikkefronten er det også aktivitet. Dette pleddet som enno er i startfasa, har eg funne under ei ryddeaksjon. Har no overtatt, er byrja på fleire ruter (remser). Det ender nok sikkert som sengeteppe på lugaren til slutt.

Det blei mykje sokke-strikking medan eg venta på utreise. Har ikkje fått fotografert enno, men det kjem...

Og forkjølelsen, den snakkar vi ikkje om meir. Men den vart langvarig og kraftig.