mandag 14. juni 2010

Svanhild

Er ei seglskute på over 100 år. I nyare tid er den nok mest kjend for jordomseilinga midt på -80 talet. Sist helg mønstra 25 små og store ved hamna i Florø. Turen gikk til Skjerjehamn, i lett overskya, og nordavindskuling.



Litt lettare forvirring når manskap skal få skuta klar, og dei vaksne skal telje born/borneborn.



Etter kvart roar ting seg, og dei små blir aktivisert. Å bitte skikkelige skipsknutar er greit å kunne...

Så blir seila heist og vil legg kursen sørover... 5t. tek turen..



Litt mat må ein ha. Her er det pølse og lompe, eller reker... Godt var det.


Ved ankomst Skjerjehavn sto sjølvaste gamlekongen og helste oss velkommen.



Dette er stadens butikk. Her har ein prøvd å bevare det gamle, men også å sjå framover. Her kunne ein kjøpe kandissukker i snipp-pose, eller vin til maten.

Den gamle sveitservillaen er blitt eit sjarmerandes hotell. Pakkhuset frå 1898 er resturert til moderne ferieleiligheiter og festsal. Festsalen er langt frå moderne, men gammal og koselig slik ei sjøbu bør være..

Lørdags kveld var det grillparty på kaia. Søndags-frukost av enklaste sort, ordna vi sjølve i byssa ombord. Lunch før avgang blei servert i Pakkhuset. Nydelig kylling m/tilbehør. Enkelte fikk fersk sjølvfiska torsk.


Så bar det nordover att, i same nordavindskulingen. Men no skein sola.....









lørdag 12. juni 2010

Restegarn



I løpet av mange år med handarbeidssyslar, blir det gjerne mykje restegarn. No er eg av dei som aldri kastar noko, man veit då aldri....

Desse små dokkene med ull brodergarn kan alikevel ikkje brukast til så mykje, denne broderepoken er over for lengst.

Etter å ha strikka eit større antall trekk til kleshengare til basarar, var det desverre enno mykje att.



Husets datter sette meg på tanken. Dette mamma, er jo perfekt til snurrer..... Snurrane skal seinare få kvite heklekanter, og bli teppe a la Bea.

Koselig handarbeid på hytta dette, og hastar ikkje...


Ha ei fin helg.



fredag 11. juni 2010

Prinsen er komt....

Den 3.juni kom den vesle prinsen til verda. Storebror er verdens stoltaste, og farmor er stolt over begge gromgutane sine. Gledar meg enorm til å reise på besøk, men det tek nok 3-4 veker før farmor kjem...
I mellomtida får vi ordne med store-og lillebror gaver.... dei kan nok ikkje komme på blogg før etter overrekkelsen.