mandag 27. september 2010

Tova-veska...

Her er den, ferdig, men utan knapp. Det er strikka ein klaff på kvar side. Det fikk ein morsom effekt. Hanken er noko kortare enn på mønsteret, då eg syntes den blei for lang.
x
Strikka i Fritidsgarn, og pinnar nr. 6.
Tova i vaskemaskin, kortpogram og 60gr. + ein "desj" grønsåpe..
Denne kjem eg nok til å strikke fleire av, i forskjellige fargekombinasjonar...

søndag 26. september 2010

Sunday,s morning.....

Jobb-perioden er over, det er også 4 møtedager i Kristiansund. Hotellovernatting er kjedelig, men med strikketøy innen rekkevidde går det greit. Dette er ei ny tova-veske modell. Har sett den ferdig og syntes den var morsom.

På jobb er det no 4 stk. som strikkar Fanakofte/gensar. I ulike garn, og ulike størrelsar. Denne er i str. 2-4 år, og strikka i Sisu. Slik blei den overlevert på mitt kontor. Snille deg, orkar du gjere den ferdig. Og det orkar eg nok.... Blir nok til Rigg-basaren denne og..

mandag 13. september 2010

Paralellstrikking...

er tingen når ein er på jobb. Då kan ein parkere strikkeposane på høvelege plassar, og slepp å hukse på kvar ein strikka sist.
Ein gensararm i storstova, litt strikking før og etter jobb, samt i to kaffipausar.. Arm nr. 2 på lugaren, strikkar litt der også..
Dette er fortsatt julegåve på bestilling, ein herregensar i Sisu. Damekofta er straks ferdig..

På møterommet og i røykesjappa er eg også innom av og til. Her blir det mindre strikka, men er sosialt.. Når andre røyke, kan vel eg strikke litt....
Smått og seint går det framover. Desse herresokkane skal bli basargevingst her på riggen. Vi har store planer om det til vintaren, så får vi sjå om vi får det til...

lørdag 11. september 2010

LØRDAGSKVELD og BINGO

Ein liten stemningsrapport frå Haltenbanken. Når varmen stig brått, og det er nesten vindstille, ja då kosar vi oss nesten "glugg ihjæl", på fastlandet. I havet derimot, der kjem tåka. Slik har vi hatt det no nokre dagar. Helikopter som ikkje kjem, eller kjem i utide.. Folk som pakker ned, og pakker opp, veit ikkje når dei kjem seg heim.. eller skal på jobb.
Og så er det brått lørdag. Sjokoladeskålene kjem på bordet, baren opnar (alkeholfritt, men pytt, pytt...) Bingoen er åpen for alle, mest fornøyde er kansje dei som aldri spelar bingo på land.
God mat på alle fat, vi blir kansje litt overmette..
Alle kosar seg, og blir nesten som ungar. Om vi saknar dei som er heima, ja-da.....
Men slik er det, og vi gjer det beste ut av det, og så skal vi snart heim att.
God helg

tirsdag 7. september 2010

Reisearbeid

På bussreisa til og frå Berlin blei det strikka litt. Desse oppvask-klutane er er greie til slikt. Her kan ein prate, lytte til musikk, eller kikke ut vindauget. Arbeidet går på autopilot...
Endar nok på basar, eller veninnegaver.


Eit anna reiseprosjekt i det siste er denne tovaveska. Det har vert til og frå arbeid i haust. Ei veninne fylte år i august, og har lenge misunt meg strikkeveska som eg lagde tidligare i år. No skal ho få denne, litt forseinka....

Ei anna veninne, A-K, ho har også litt lyst på tovaveske trur eg...
Ho betrudde meg her om dagen at ho stadig leste blogger, men viste ikkje korleis ho skulle kommentere innlegga. No har ho fått forklaring på det.
Så, A-K, vil du og ha veske? Kva farge, fasong og størrelse? Til strikketøyet, eller lesebriller og lommebok? Svaret vil eg ha på bloggen.....