mandag 21. april 2008

Vår......

No er det ikkje tvil lenger, våren er komt. Dette er den flottaste helga eg har opplevd på hytta, sidan eg flytta inn. Måtte det bli mange fleire slike.........

Rababraen som kom til øya i fjord vår i ein ryggsekk, har bestemt seg for å komme opp. Men her har eg både kjefta og bedt, den måtte berre ha litt tid på seg.

Ved utedoen blomstrar det flott. Do,en er naboen sin, og ikkje i bruk til vanlig. Men då vi har pumpe på brønnen, er det greit å ha reserveløysing om strømmen går.

Sjå kor stilt det er på sjøen. Men det er ikkje alltid slik, det er ikkje utan grunn at det er bardunar på trampolina. Bak øyane ligg Nordsjøen, neste øy blir Shetland.


Det aller meste av møblar på hytta er arva, fått, eller kjøpt på bruktbutikken. Dei 4 siste stolane fikk ein ansiktsløftning i helga. Fargen heiter Romantikk (Vanilje) og er den samme som på kjøkkenskapa. Stoffet er maretimt blått m/smale lyse striper, samme som sofaen.

Synes sjølv dei blei ganske ok, varer nok ikkje evig, men det er artig å drive med gjenbruk på denne måten synes eg.

Inn i mellom skal ein slappe av, og på sørsida var det kjempefint. Og så varm og fin var sola.
Gensaren blei nesten ferdig, men så mangla eg ein halvmeter med kvit tråd.....
Det ordnar seg nok, her alltid nokon posar og leite og sortere i..





torsdag 17. april 2008

Tøffe-tog


Heime i godstolen etter nye 14 dagers tokt i havet. Sjølv med 12 timers vakt blir det litt tid til sosialt samvær, om ikkje alle dagar, eller turar er like.
Det felles samværet blir ein time eller to om kvelden, til håndarbeid, film, spill, smykkelaging
eller bingo ein lørdagskveld. Er eg for trøtt, kryp eg opp i senga med ei god bok, eller slapper av med strikketøyet på lugaren.

Denne gangen vart det ein svært travel tur. Ikkje hadde eg huksa og ta med noko morsomt handarbeid, noko krisearbeid har eg alltid liggande. Men... i mitt og avløysarens felles skap har stått ein pose med ein nett påbegynt gensar i snart 2 år. Var nok tenkt i str. 6 år, men er nå blitt 8 år. Ein gensar blei ferdig, pluss armane til nr. 2. Bortsett frå mønsteret gjekk det kjapt på pinnar nr. 4. Dama har tvillingar.....
Korleis eigaren reagerte... anar ikkje. Eg la gensaren og ein lapp på senga. Om ho blei rasande fekk ho ringe kjapt og rase frå seg, blei ho litt glad kunne ho vente til vi hadde vår faste telefon-møte. Har ikkje høyrt noko enno, men har lova og strikke ferdig gensar nr.2 også.
Syntes nokon eg var frekk, så er det lov å uttale seg om det........... eg veit det var litt på kanten.
Men tenk om jentene frys, og ikkje har så mange heimestrikka plagg, hensynet til barn skal alltid komme først.
God helg til alle, eg reiser på hytta i morgon og har med håndarbeid......