Og bruktbutikkar er noko av det kjekkaste eg veit. Denne vakre prøvekluten fann eg nylig på bruktbutikken. Den er nydelig brodert, på lin. Eigaren har enten mista intressa, eller ikkje fått til sprossene i dør og vindu. Det er alt som står att, og skal fort bli fiksa.
Så skal den komme i glass og ramme.
søndag 31. oktober 2010
torsdag 28. oktober 2010
Fanagenser
Denne store Fana-gensaren, som også er eit "bestillings-verk", har vert jobbprosjekt denne perioden. Den skal nok under samme juletre som dame-kofta i eit tidligare innlegg. Då dagane flyr, og armane allerede er strikka 2 gonger, er det like før eg får angst og lettare panikk.
Ikkje alltid like lett å strikke etter eit mønster som nokon trur kansje passar.
Ikkje alltid like lett å strikke etter eit mønster som nokon trur kansje passar.
Så no får heile prosjektet bli med heim, og kan dermed bli montert med mi eiga symaskin. Det er i alle fall ein fordel.....
Er redd for at rundt omkring i heimen er det fleire ting som ligg å ventar på montering. No skal det bli orden i sakene ganske kjapt...
tirsdag 19. oktober 2010
Malta og Gozo
Tempelruinar
Dette er gleder som møter ein om ein tek turen til Malta og Goza. Eg var så heldig å få ei ferieveke dit i lag med "gamle" arbeidsvener, og deira ektefeller. I sol og varme blei vi guida rundt på øyane av ei fantastisk dame som verkelig hadde kunnskapane i orden.
Bussturar, båtturar, badestrand, og mange flott middagar i lag med gode vener...
fredag 8. oktober 2010
Sommaravslutning....
Nokre dagar på hytta for å gjere klart til hauststormane. Og stormen kom alt den første natta. Kva er betre enn å kose seg innomhus med strikketøy, tekrus og levande lys når det uler rundt husnovene...
Abonner på:
Innlegg (Atom)