fredag 8. oktober 2010

Sommaravslutning....

Nokre dagar på hytta for å gjere klart til hauststormane. Og stormen kom alt den første natta. Kva er betre enn å kose seg innomhus med strikketøy, tekrus og levande lys når det uler rundt husnovene...
Denne vesle blomen som ser ut til å ha søkt tilflukt under terassen, tittar forsiktig fram.

Potetene er komt opp av jorda, men det vart ein våt fornøyelse. Dette er resultatet av 10-12 poteter som vart grevne ned i komposten i vår..


Nokre krabbar i teinene blei det også. Faktisk så mange at eg har skjønt at eg må kjøpe meg ei skikkelig krabbe-panne. Og kansje ei enkel kokeplate, så kan eg koke på terassen, og sleppe all krabbelukta inne....



3 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Godt at du holdt deg inne i uværet og ikke "badet" med krabbeteina denne gangen;)
Hvordan har det gått med markjordbæra da?

Maret sa...

Jordbæraplantane har overlevd, og slått røtter... så blir det spennande å sjå neste sommar om det kjem noko bær...
Krabbefiskaren er forsiktig, og brukar redningsvest, etter streng ordre frå hyttenabo,en. Og mobilen ligg innomhus, eg er jo ofte heilt åleine på den lille ø...

Tofo sa...

Ja du må få deg en plate til å koke ute på!
Vi kokte så mye krabber inne et år, at vi orket ikk spise de...hihi. Absolutt best å koke inne;)

Deilig med innekos når høststormen uler;)