mandag 30. september 2013

På reisefot....

Julestrømpe med navn...
 
Votter, også med navn... str. 1-3 år i Lanett
 
Bomullsgenser i Sandnes Petit... str. 2 år
 
Farmor er på reisefor. I morgon starta turen til Canada, og vesle Gavin. Då er man berre nødt til å ha med litt gaver i veska.
Den svært store julestrømpener er strikka etter eit kopi frå "lisjesysta". For meg ukjent opphav. Skulle strikkast i Rauma, men eg har valgt Smart. Der det står God Jul på eine sida har eg strikka inn navnet på motsatt side...
Harepusvotter strikka i Lanett. Desse blei søte, men pirkete å strikke. Likar nok betre større strikketøy på pinnane. Sokkar skal det også bli, dei utan navn. I denne stund er det ein halv sokk att, det må gå bra...
Gensaren er strikka sist jobb-periode. Den er ikkje heilt etter oppskrifta, eg valgte å strikke det meste på rundpinne, og glattstrikk. Er nok ikkje så overbegeistra for bomull, føler att eg ikkje får sømmane så fine..
 
Trådnøster og pinnar er med på turen, dessutan har eg funne den flotte strikkebutikken der borte..
Ønsker alle flotte haustdagar her heime...

onsdag 11. september 2013

Fargeblind eller sløv....


Ja, av og til kan ein lure litt.... Starten på teppet, 2 ferdige remser, vart til for lenge sidan. På busstur nedover Tyskland - Holland skulle eg fortsette, på det perfekte busstur-handarbeidet... 5 ferdige remser blei det, på 8 dager... Så flott tenkte eg, snart i mål. Vel heime at oppdager eg at den rosa biten var heilt på "vidvanke", og slett ikkje der den burde være...
Så var det å rekke opp, flytte rundt, og montere på nytt...  Ja-ja, no er det på plass att og ferdig montert så langt. Då mangler det berre 2 remser til, det får bli på neste "langt å reise tur", om ikkje så lenge.

tirsdag 3. september 2013

Syvake..

 
Ein lang sommar er til endes, og eg er tilbake på bloggen....  Sjølv om det har vert lite data denne sommaren, så har det vert mykje anna rundt omkring. Handarbeid også...
 
Sist fredagskveld hadde Quiltegruppa syvake. Då møter ein opp med symaskin og tilbehør kl. 18:00, og syr så lenge ein orkar. Litt mat og drikke vert det også tid til, og mykje latter og moro.
Denne vesle veska vart mitt bidrag. No er ikkje rosa "min" farge, men søt var den....