fredag 24. juli 2009

Marius-gensaren.

Det er ikkje det at eg ikkje likar dette mønsteret, for det har eg alltid gjort. Tenkte berre at til OL måtte dei kunne ha funnet på noko nytt.
Men rett skal være rett, det er enkelt (og kjedeligt) å strikke, og går fort oppover. Bilder har eg ikkje, lyt nøye meg med lånt pc.
Alt dette ordnar seg når eg er heime att.

Sola har eg funne, men i dag har eg også kjøpt støvlar og regnbukse.

Ferie er herleg, kos dokker...

mandag 20. juli 2009

Ferdig........... og ny start..

Baby-teppet er ferdig. Dette har i grunn gått kjapt, Delte nøstene i 2 poser. Så hadde eg ein heime og ein på hytta. Har hekla litt no og då, når det har passa slik. Nokre små justeringar står att, så skal det strekkast. Måla er 1,00 x 0,75.

Dette sommar-gule strikketøyet skal bli gensar. Drops hadde 40% på tråden, Safran, og slikt kan ikkje eg gå forbi. Oppskrifta er mest: innfalsmetoden, men brukar ei grunnoppskrift på maskeantall og størrelsar. Så får vi sjå etter kvart...

I dag har eg handla inn tråd til neste års OL-gensar. Kjedeligt mønster, Marius-gensaren i ny utgave. Då det berre er mønster-strikk øverst, er dette greit å strikke i bobilen.
Må ha noko enkelt, så eg ikkje blir for usosial og satt av under vegs...
På morgonkvisten dreg eg nordover med Hurtigruta til Molde. Omsdag rullar bilen etter vegen. Reiseruta er: der vi finn sola.....

lørdag 18. juli 2009

Det er mangt som varmer...

I dag fikk eg denne nydelige hortensiaen frå ei veninne, bringa på døra. Som takk for lua og pulsvantane som eg strikka til henne. Den skal få bu i hagen på hytta.



For nokre vekser sidan kom dette kortet i posten. Denne sjarmøren har ikkje
strikkande tanter eller bestemødre, så Bea og eg har adoptert han...


To sett lue,skjerf og vottar blei det. Vottane kunne ha vert litt lengre, men da var det slutt på tråden.


Bestemors-rutene mine tar form. No manglar eg berre 8 stk. så er eg i mål. Det må vel kunne ordnast ein laurdagskveld foran "titte-kassa"..






God lørdagskveld til alle.





tirsdag 14. juli 2009

Babylue og skjerf.

Ikkje fordi det haster, men av og til er det greit å vere ute i god tid. Dette settet er strikka av Opal og i str. 3-6mnd. Er byrja på eit sett til, og det skal bli vottar og.
Eit nydeligt garn, både i fargar og kvalitet. Og takk til Gamleheksa, som sendte meg dette i ei gavepakke .

Fortsatt god sommer over det heile land.

mandag 6. juli 2009

Sommar, sol, og late feriedagar...

Ein liten gromgut..

Farmors beste gromgut på veg opp låvebrua..

Små og store blir fora...
Forrige helg var eg på slektstreff i heimbygda mi. Dei fleste etterkommarane etter farmor og farfar var samla. Utruleg kjekt å møte att tanter, søskenebarn og deira familie. Mange hadde eg ikkje sett på nesten 40 år. (og då føler eg meg brått veldig gammal).
Grunnen er kansje at eg sjølv flytta herifrå som 14-åring. Nokre år seinare blei gården seldt og foreldra mine flytta også frå bygda.
No står husa tomme, og er rett og slett eit trist syn. Det var det einaste som var noko vemodig den helga. Ei kjempeflott helga-samling for store og små.

Håndarbeid blir det mindre med i desse flotte, varme dagane. I morgon er det jobb att, og eit aldri så lite strikketøy er på pinnane.Då er eg litt tilbake til normalen....