mandag 6. juli 2009

Sommar, sol, og late feriedagar...

Ein liten gromgut..

Farmors beste gromgut på veg opp låvebrua..

Små og store blir fora...
Forrige helg var eg på slektstreff i heimbygda mi. Dei fleste etterkommarane etter farmor og farfar var samla. Utruleg kjekt å møte att tanter, søskenebarn og deira familie. Mange hadde eg ikkje sett på nesten 40 år. (og då føler eg meg brått veldig gammal).
Grunnen er kansje at eg sjølv flytta herifrå som 14-åring. Nokre år seinare blei gården seldt og foreldra mine flytta også frå bygda.
No står husa tomme, og er rett og slett eit trist syn. Det var det einaste som var noko vemodig den helga. Ei kjempeflott helga-samling for store og små.

Håndarbeid blir det mindre med i desse flotte, varme dagane. I morgon er det jobb att, og eit aldri så lite strikketøy er på pinnane.Då er eg litt tilbake til normalen....



4 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Så nydelig farmors gromgutt er. KOselig med familetreff gitt.

God tur på jobb!

Tovepia sa...

Nydelig gromgutt;) Spennende og trivlig med slektstreff, så tenker dere koste dere;)

Wenche sa...

Hyggeleg med familietreff! Så flott gromgut:) Ha ein flott jobbperiode!

Hilde C. sa...

Slektstreffet høres koselig ut. Ønsker deg en fortsatt god sommer :-)