onsdag 14. april 2010

Harstad - Stamsund

Helsing Stubbetufsa...

Først av alt må eg nok ein gong takke Stubbetufsa.... Eg har nok gjort ho stor urett tidligere i dag. Det var ikkje berre det at ho kom med store mengder strikkegarn, men også ferdig strikka huer og små sokkar.

Ho sette meg på ein tanke som eg slett ikkje har komt på sjølv:

Kva om desse kvinnene i Albania må ha spebarn med inn i fengselet? Då vil gjerne dei og ha varme sokkar.. Er det nokon som veit noko om dette ?


I dag, litt lei sokkestrikking, gjorde eg ferdig nokre pjona vottar, Alt av varme klær er sikkert velkommen... Då er det brått ei svensk dame som lurer på kva dette er.. Så i morgon skal eg lære henne å pjone. Og det morsomme er at ho hadde god kjenskap til kvinnefengselet i Albania. Hadde jobba med bistandsarbeid.


Nokre finske damer blanda seg i selskapet, men her var det fleire som hadde pjona. Vi er snart kjendiser her ombord. Og akkurat no er det veldig kjekt, så kan vi spreie opplysningane om dette arbeidet.


4 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så morsomt da, at dere blir kjendiser ombord. Ikke bare får flere vite om det gode formålet, men de vil sikkert også huske Hurigruteturen sin med ekstra glede. Lykke til med pjonekurset!

Liv sa...

Moro, moro, moro!
Og jeg kan forsikre dere at alt av varme klær er kjærkomment!
Team Albania driver et vidstrakt arbeid, og de finner alltid noen som trenger det de får inn!

Turid sa...

Når dåkk er blitt kjendiser ombord , da har dåkk jobba godt!!Lykke til med arbeidet videre.

Anonym sa...

Høyres ut som alt er som det skal! :) Fantastisk flott at du får dratt med deg så mange. Skikkeleg flott idé, denne hurtigrutestrikketuren din.

Stolt av deg! Klem!!