onsdag 12. mars 2008

100 ting om meg sjølv...

Bea har ein ny utfordring. 100 sannheiter om meg sjølv. Tja, prøve skal eg, men kjem eg i mål..



1. elskar jobben, men mest pga. fritida den gjev meg.
2. elskar ungane mine og...
3. rotekoppen, som berre var rolig når han sov
4. gullungen, veit ikkje kvifor, ho fann på det sjølv
5. sukkerklompen, han likte ikkje ordet attpåklatt
6. er farmor til en artig 7-åring
7. jobbar i olja
8. reinhold er ein utfordring og spennande sak...
9. gamle problemgulv er kjekkast
10. då eg var liten ville eg bli snekkar, som far
11. etterkvart endra det seg til bibliotekar..
12. livet mitt har alltid innholdt en mengde bøker.
13. mi første bok var Rødhette, julegave truleg då eg var 4-5 år.
14. andre ting er handarbeid, må alltid ha noko på gang.
15. kunne brodere og strikke når eg var i 6-årsalderen,
16. kjøpte symaskin då eg var 20, og den er velbrukt.
17. kan ikkje veve, må lære ein gong.
18. heller ikkje nuppereller, må lære det og...
19. synge, det kan eg ikkje, og har sakna det stort.
20. har aldri sunge natta-sang til ungane
21. men lest mange kilometer med bøker.
22. har berre 7 årig folkeskule,
23. framhaldsskule
24. handelsskule
25. men år med visdom, kurs og oppdateringar har gitt meg 2 fagbrev.
26. skulle ha lært meir engelsk, det er eit sakn.
27. men bruker det eg kan, sjølv om ungane flirer litt av og til...
28. drog til østerriket og gikk på slalomkurs etter fylte 50.
29. var første gang eg hadde slalomstøvlar på føtene.
30. kjøpte eige utstyr då eg kom heim att, ungane flirte ikkje då.....
31. likar å reise rundt i verden, sjå nye plassar..
32. mest spesielle må være 2-vekers tur rundt Island i bobil
33. og tur til Cape Town og gudstjeneste i ei kirke i slummen. Grein så det hagla.....
34. har sykla Bornholm rundt
35. og Shetland på langs.
36. har besteget Gallahøgpiggen, men er fornøgd med den eine turen.
37. var i Amerika og besøkte gamle slektningar
38. har alltid vært intresert i "gamle dagar", slekt og historier frå familien.
39. går nå på slektgransknings-kurs
40. er litt utolmodig fordi alt dette tar tid....
41. har aldri hatt tolmodighet, har måtte lære i voksen alder..
42. har ikkje noko forhold til vann, men kan svømme
43. elskar sjølivet, berre hovudet er over vannflata.
44. er overbevist om at eg har drukna i eit tidligare liv..
45. har ikkje gjennomført helikoptervelt for oljefolk...
46. har ikkje bil
47. har farmorsykkel, raud med barnesete og handlekorg.
48. "reser-sykkel", grønn bysykkel med mange gir og ikkje plass til gromguten.
49. brukar sykkelhjelm alltid når gromguten er med.
50. har nett seldt huset mitt
51. og kjøpt mindre leiligheit.
52. trives aller best på hytta, med sjø og storhavet rundt omkring.
53. kan lytte til stillheita
54. og spele svensk dansemusikk når eg har storreingjering.
55. ryddar alltid ein eller annan plass
56. og får då stablar med ting og tang på andre ryddige plassar
57. taklar ikkje skapdører og skuffer som ikkje er lukka.
58. då er det uryddigt...
59. når eg vert vaksen skal eg slutte å rydde
60. slutte å vaske
61. då skal eg berre vere snill bestemor som reiser frå heim til heim og kosar med dei små
62. blir ungane lei meg, tek eg dei små med på hytta
63. ønsker meg fleire borneborn.....
64. medan eg ventar strikker eg til andre sine born
65. inn i mellom samlar eg på ting
66. frimerker, har halde på i periodar sidan eg var ung
67. eggeglass, starta med eit plast-høne-glass maken til mormors frå barndommen
68. teskjeier, brukar kjøpe ei for kvar reise/sted eg besøker
69. knappar, praktisk og kjekt å ha....
70. mønster, strikking, hekling etc. kan få bruk for ein gong
71. alt som kan komme til nytte innen hobbyar/handarbeid
72. har ikkje drikke-kultur seier ei veninne
73. drikk ikkje øl
74. likar kvitvin betre enn raud
75. er ufattelig glad i sjokolade
76. et ikkje fersk fisk
77. då spyr eg
78. heller ikkje havregraut
77. alt anna i mat og drikke er godt, meir eller mindre
78. tar gjerne tran
79. er ikkje flink å hukse det kvar dag.
80. har ei mor som nett har fylt 80...
81. har to systre
82. har også hatt ein far og ein bror
83. har ei mengd nevøar og nieser
84. og mange små "gamle-tanteungar"
85. kan bruke ein heil dag på å gjere ingenting
86. eller i heil helg i sofaen med strikketøy og sports -sending på tv.
87. likar ikkje å lese krim bøker
88. men krim-film på tv er ok.
89. best er gamle westerenfilm og dokumentarer..
90. ser aldri reality-tv
91. heller ikkje hotel cesar
92. tar helgevask på mandag om det passar slik
93. og kan starte ny helg allerede på onsdag, på hytta...
94. er veldig glad i dyr
95. har hatt katt
96. hund
97. hamster kanin
98. undulat
99. og bodd på hybel med eit pinnsvin i 2 veker
100. har stelt fjøs, kan melke for hand, vært jordmor til katt, sau og kyr...,

så var eg i mål, i det neste livet skal alt bli ansleis, satsar berre på 50 punkt der.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Takk for helsing på bloggen min! Det er så koseleg når "nye" folk legg igjen kommentar! Nydelege babyklede du har strikka. Likte veldig godt den grøne jakka!

Solveig sa...

Takk for kommentar:)
Kanskje eg også må prøve å komme på 100 ting om meg sjølv...

Bea sa...

Når ingen andre kjem opp med passande kallenamn, så må ein jo gjere det sjølv ;)