tirsdag 4. mars 2008

Litt lei meg, eg.....

for i dag skulle eg ha reist heim. Men veir, vind og snøfiller er det berre vår herre som rår over, seiast det. Av og til lurer eg på om det er andre som har eit ord med her, slik som verden og klimaet er blitt etterkvart.

Saken er den at heile Vestlandet er innhylla i snøfiller og isnings-problemer på helikopterne. Heimreisedagen for "olje-folk" er som 17.mai og julekvelden på ein gong. Ikkje det at eg lir noko nød. Nei-da, forholda er heilt topp, og overtids-betalinga er kjærkommen.

Men det er i dag det skulle ha vert heimreise, og eg vil, men får det ikkje til. Vaksne folk skulle ikkje beklage seg slik, er ikkje grunn for det..... det er berre det at.....................

I morgon, i morgon, men ikkje i dag............................

3 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Stakkars du. Kryssar fingrane for at du kjem deg heim i morgon.
Skal helse frå søster som er på besøk til i morgon.

Eva sa...

Håper virkelig været bedrer seg til i morgen! *krysser masse fingre!*

Bea sa...

Uffda... *krysser fingrane her óg*