lørdag 29. mars 2008

Labbe-tuss

Når eg må sitte i ro og slappe av, må eg alikevell ha noko i hendene. Kan ikkje lese, blogge og løyse kryssord heile tida. Så då vart det eit lite gensar-prosjekt av restegarn. Hadde tenkt i st.4 år, men noko har skjedd undervegs, så det blir nok litt større.
Mørk grønn denne gangen også, med kvite og raude striper. Mønsteret blir til etterkvart, ein tar kva ein har som passar i hop prinsippet...




Eg plagast i periodar med litt leddgikt, og i påska var den merkbar og irriterande nok til at tabelettane måtte fram frå skapet. Stort sett går det bra då, men denne labbetussen ville ha meir pleie og endte på legevakta. Så no blir det kortison, krykkjer og latmans-liv i helga. Har enno ei formeining om at tirsdag er det jobb. Får krysse fingrar og tær der det er tilrådelig.


Ha ei fin helg alle som er innom...

4 kommentarer:

Laila Kristin sa...

God bedring og fortsatt god helg!

Solveig sa...

God bedring frå meg også! Den grønne gensaren ser ut til å bli fin. Eg har store planar om å strikke noko grønt snart. Det er vel våren som inspirerer :)

HildeS/Frøken Fryd sa...

God betring, og så får du stelle fint med deg sjølv framover:)
Genseren ser ut til å bli fin den.
Ha ei fortsatt fin helg.

silje-sin sa...

Genseren ser ut til å bli kjempefin! Så trist at du har leddgikt,du får ha riktig god bedring! Så får du prøve å nye latmanns-livet så godt det går:) mange klemmer fra silje.