torsdag 4. juni 2009

Oppskrift på nåleputer...

Wenches Sysler spør etter oppskrift på nåleputene mine. Då den einaste eg fann var på engelsk, har eg "sysla og pusla" mi eiga. Kansje nokon andre har den på norsk...

Legg opp 6 luftmasker til ein ring.
Hekle 12 staver i ringen.
Hekle så 2 f.m. i 1.stav, 1 f.m. i neste stav ut omg.
Hekle så 2 f.m. i 1.stav og 2 f.m. i dei 2 neste stavane ut omg.
Fortsett slik til det er 9 f.m. mellom kvar doble fastmaske.
Hekle 2 like runde lapper som hekles saman med fastmasker til slutt.
Lat det vere att eit lite hull, der ein fyller i vatt, hekle så att dei resterande fastmaskene.
( Puta må vere litt full og fast...)
Så hekles ein omgang med fastmasker rundt heile puta, lag ei lita løkke til slutt om ein ynskjer det.
Pynt med ein tråd i kontrastfarge, som på foto, og dra godt til. Sett gjerne ein knapp eller sløyfe i sentrum av puta..

3 kommentarer:

Tovepia sa...

Takk skal du ha!! Har sett disse nåleputene og tenkt at jeg også har lyst til å prøve meg på en. Nå kan jeg det, takket være deg;) Så fint når man legger ut hvordan man gjør ting, når oppskrifta er overkommelig;) ha en fin kveld!

Wenche sa...

Så fint at du legg ut oppskrift. Greit å ha den visst lysta skulle få heilt overhand:)

Wenche`s Sysler sa...

Hei!
Vært borte fra bloggen i flere dager.Må bare inn her å takke for at du har lagt ut oppskrifta på nåleputene,og for at du linker meg:)
Blir helt garantert å lage dem.Kjempeflotte!
Så Tusen takk,og ha ei flott uke!