søndag 6. september 2009

Å gå i gamle fotspor....

Det kan være både spennande og opplysande. I dag vart det nærmast som ei ære, å få vere med på minnemarkeringa etter agenten Atle Svardal, som blei skutt av Gestapo 6.mars 1945.




Ein liten halvtime med båt nord frå Florø, mot grensa til Bremanger, ligg bygdene Breivik og Husefest. Under krigen 2 små veglause busetnader med fiske-bønder og deira familier. Det var her, oppe under fjellet i tjukk skog og kratt, at 2 agentar overvintra frå august -44 til mars -45. Jobben var å få sendt meldingar over til London. At tyskarane hadde nyutvikla peileutstyr var ikkje kjent for verken motstandsbevegelsen eller dei som sat i London. Det blei skjebna til han som fall, og kameraten og bonden som blei sendt i fengsel.






Med familie, grannar, Historielag og Turistforeninga, blei stien opp til staden høytidelig opna.

Dette er ein del av nordsjøløypa....



Opp under fjellet, der den provisoriske hytta sto, er minneplanketten over radiostasjonen ROSKA festa til fjellet.




Hytta låg svært vanskelig til, og var nok ikkje lett å finne. Agentane derimot hadde god utsikt til skipsleia, og båttrafikken som gikk forbi... Tyskarane hadde leita ei stund etter karane, og viste at ein eller annan plass i næheita måtte dei være. Det som røpa dei denne dagen skal vistnok ha vert ein kaffikjele som stod og putra....





Etter ein våt, strevsom, men flott tur oppover lia, bar veien vidare til god, gammaldags bygdabasar i nabobygda. Om ikkje utfallet her blei det heilt store, er det alltid koselig å treffe gamle kjente over ein kaffikopp. I slike små samfunn er det ofte vanskelig å oppretthalde kultur og tradisjonar. Derfor synes eg det er viktig å støtte opp om dei som år etter år prøver å halde liv i bygda. Det gjeld både med litt gjevingstar, ei hjelpande hand når det trengs, eller berre det å møte opp.





Denne gongen blei det 3 stk. strikkahuer, den siste blei til seint lørdagskveld....





4 kommentarer:

mln sa...

Denne dagen fekk du med deg mykje:) Fint at du har delt historien frå krigen med oss, interessant å lese.

Gamleheksa sa...

Litt av en innholdsrik søndag. Tenk å bli avslørt av kaffekjelen. Det er sikkert beviset på at kaffe ikke er sunt :)

Elins Strikkeri sa...

Du hadde nok ein flott søndag, spennande og interessant å høre om det som skjedde under krigen. Trur vi har godt av å få vete litt om korleis dei hadde det, ha ein fin dag:)

Wenche sa...

Ein minnerik og interessant dag:-) Ha ein fin kveld!