søndag 13. september 2009

Findus


Findus heiter ein fin ung puse-mann som har hatt lang-helg opphold her hos meg.
Det er ikkje til å komme forbi at livet blir litt ansleis både for pus og "matmor".
Eg er vant med pusar som fartar ut og inn, går på jakt, og lever herrens glade dager..
No er nok Findus også vant til litt av dette, men ikkje frå ei by-leiligheit.
Då får ein fordrive tida med å kikke på by-livet, og hjelpe til med data-arbeid. Der er då i det minste ei mus, om enn ei kjedelig ei...
Og slektsgranskning på data er tull, hadde ein endog kunne grave litt i jorda.....


Strikking og trådnøste er moro, til å begynne med. Men helst dei nøstene som er i bruk, gamle restar frå strikkekorga mister fort intressa....
Fekk ikkje gjort så mykje, nei. Her skal det klappast, og kosast, matast, og tørkast opp vannskåler som kvelva i forbifarten.






I mellom alle øktene, må ein passe utgangs- døra. Det kunne jo vere at nokon skulle inn eller ut.. Og her i frå har ein full utsikt.
Då må ein nytte muligheita til å prøve å stikke av....




Ei fin helg har det vert. Vi har kosa oss med vafler, chips og fårikål til middag.


6 kommentarer:

Gamleheksa sa...

Hehe, ja det krever sitt å ha herre-besøk ei langhelg. Nydelig katt og jeg går ut fra at han måtte sove på badet denne gangen også.

Ha ei flott uke.

Bea sa...

"Sove på badet".. *skrattler* Ingen katter treng vel å overnatte på badet på eit sjustjernes kattehotell? ;)

Liv sa...

Det jeg klarer å lese mellom linjene her er kongelig kos. Han er kongen, du dronninga, og dere gørrkoser dere begge to....
Stemmer det?

Maret sa...

Gamleheksa: eg har då dobbelseng..

Bea: Man skal vere snille med dyra..

Liv: Du har nok rett, bortsett frå kl.06oo søndags morning. Å bli rundsleika (kyssa) då, kan bli vel mykje.

Jorunn's hobby sa...

En flott kar denne Findus'en!

Wenche sa...

Findus hadde det nok heilt supert!! Er greit å ha eit hotell å sjekke inn på i ny og ne:-)