
Ein liten stemningsrapport frå Haltenbanken. Når varmen stig brått, og det er nesten vindstille, ja då kosar vi oss nesten "glugg ihjæl", på fastlandet. I havet derimot, der kjem tåka. Slik har vi hatt det no nokre dagar. Helikopter som ikkje kjem, eller kjem i utide.. Folk som pakker ned, og pakker opp, veit ikkje når dei kjem seg heim.. eller skal på jobb.
Og så er det brått lørdag. Sjokoladeskålene kjem på bordet, baren opnar (alkeholfritt, men pytt, pytt...) Bingoen er åpen for alle, mest fornøyde er kansje dei som aldri spelar bingo på land.
God mat på alle fat, vi blir kansje litt overmette..
Alle kosar seg, og blir nesten som ungar. Om vi saknar dei som er heima, ja-da.....
Men slik er det, og vi gjer det beste ut av det, og så skal vi snart heim att.
God helg