torsdag 16. april 2009

Du store Kinesar

for ein opplevelse. Vel heime att etter 12 dagar i Kina, prøver eg å sortere inntrykka. Her er kontrastane like store som avstanden mellom vesle Norge og det enorme landet i øst.

Med på denne reisa fikk eg ny dagbok av min datter. Ho ville forsikre seg om at mor fikk med seg mest mulig...

Men her kunne heile reisa ha stranda, med returbilett heim. Ved visumkontrollen i Shanghai viste det seg at det var feil datoer på visumsøknaden til heile gruppa. Med natt, og helg i "gamlelandet" tok dette tid. Etter ein time blei det kunngjort at dei skulle prøve å hjelpe oss. Då fikk vi ei fl.vann kvar. Etter to nye timar blei vi servert hamburger og cola. 5 timar tok det å få papira i orden..... no veit eg korleis asylsøkjarar føler seg på feil side av grensa..

Frukostane var stort sett internasjonale, og takk for det... med fiske/froske-oppdrett i hagen og ein mengd ukjente grønnsaker, blei måltida ganske uvanlige. Stort sett gikk det greit, men alt smakte ikkje like godt.

Kvakk-kvakk....



Ei veldig enkel hytte med seng og plass til dei mindre dyra. Her bodde gjetarane som paste på rismarkene. Vannbøffel som prøvde å rasere åkrane var eit stort problem.

Gjestane frå Norge hadde betre standard, sjølv om ikkje alle hotell var som dette. Ein plass fikk vi hengelås på døra. Dopapir måtte vi stort sett ordne oss med sjølve...

Turistbåtar som gikk opp Li-elva frå Guilin til Yangshuo. Ein stor opplevelse, men ein del tåke og regn som ødela litt for fotograferinga. 4 timar tok turen..

Stadig vart vi praia av unge gutar på sine enkle farkost. Dei gjorde sitt beste for å få solgt "ting og tang" til turistane. Her må ein livberge seg som best ein kan..


Her, på bakplassen, står oppvasken til ein finare resturant vi var innom. Dette såg vi ikkje før vi skulle gå..

Den same resturanten hadde nydeligt porselen, men skar og sprekk var det i alt. Og slik var det stort sett over alt...


Desse traktor/lastebilane var stadig i bruk. Ofte overleste slik at ein knapt nok såg føraren og hjula.

Medan flypassasjerane kunne forlate Pudong Airport med tog i 431km i timen.

Naturen var imponerande og fantastisk flott. Enten vi hadde 25 varmegrader, eller lyn/torden og regn som "bøtta" ned. Aldri har eg opplevd så kraftigte nedbørsmengder nokon gong....... etter ein halvtime skein sola att, og alt var berre glede.


Desse tre søte små traff eg på i ein liten landsby langt opp i fjella. Her var levevilkåra enkle og vanskelige for mange familiar. Jentene var smilande, og tok kjapt oppstilling og lot oss forstå at dei ville fotograferast. Likeeins gjorde dei krav på å få sjå bileta etterpå.
Sjølv om kineserane enno har ein lav levestandard, verkar det likevel som eit lykkelig folkeslag.
Turen har gjort eit stort inntrykk, og kan sterkt anbefalast på det varmaste.














9 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Jeg er helt satt ut etter denne smakebiten fra det store landet i øst. Dette var flott. Takk for at du vil dele inntrykk med oss hjemmekjære.

Tovepia sa...

Skjønner godt at du sitter igjen med mange og vekslende inntrykk fra dette store landet, men antar at det alt i alt var en kjempetur, nærmest "once in a lifetime"! Lurer på om jeg kommer meg dit, men det hadde vært artig;)

Sologbolig sa...

Takk for at du deler denne flotte turen med oss andre. Å det såg fantastisk ut. Å få oppleva samfunn som er så annleis enn det ein sjøl er vane med, er spennande syns eg. Sjå andre kulturar og tradisjonar, eta anna slags mat , oppleva ting ein ikkje har opplevd før. SUPERT.

chocolatehead sa...

Her var det mange fine bilder, morsomt å lese dine inntrykk fra et land langt langt borte!:)

Wenche sa...

Det må ha vore ein kjempetur!! Bilda var fine og dei tre søte små jentene var berre skjønne. Er kjekt å oppleve ein annan kultur.

Turid sa...

Takk for at du deler bilder med oss fra en fremmed kultur- flotte fjell , interesann oppvask maskin, skjønne småjenter, ja i det hele tatt.
Her fra strikketur blir det stilt i neste uke - skal på leirskole med en syvendeklasse- spennende!
En flott søndag til deg!

Marion Lexau Nødset sa...

Kjekt å sjå bileta dine! Det ser ut til at du har fått oppleve mykje på turen. Lurer på kvar turen går neste gong:)

Anonym sa...

Du har fått pakke i posten!! Ser veldig spennande ut.. *kniper litt forsiktig*

Hilde C. sa...

Det høres ut som om du har hatt en spennende tur. Så hyggelig at du deler ferieminner med oss. For meg høres Kina utrolig eksotisk ut :-)